Om du har kreft, planlegg vi nå kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
For pasientar med kreft i eggstokkar, eggleiarar og/eller bukhinna vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift, målretta kreftbehandling eller hormonbehandling aleine eller i kombinasjon. Strålebehandling er mindre vanleg, men blir unntaksvis brukt symptomlindrande. Noko som stadium sjukdommen er på vil avgjere kva behandlingsmetode som blir vald. I nokre tilfelle vil ein operasjon vere nok, men for dei fleste vil det vere eit lengre behandlingsforløp.
Operasjon
I dei fleste tilfelle gjer vi open kirurgi. Av og til blir det gjort kikhòlskirurgi.
Som regel fjernar vi eggstokkar og eggleiarar, livmora, feittforkle og lymfeknutar i bekkenet, og dessutan lymfeknutar langs hovudpulsåra. Kirurgane vil vidare fjerne synleg tumorvev elles i buken. Det kan bli aktuelt med tarmkirurgi dersom tumoren har spreidd seg til tarm, og i nokre tilfelle blir det også nødvendig å legge ut tarmen permanent eller mellombels ved ein stomi (utlagd tarm). Målet vil vere å fjerne alt synleg tumorvev, eventuelt så mykje som mogleg dersom det ikkje er mogleg å fjerne alt.
Ein slik operasjon kan vare frå 90 minutt til 5–6 timar, nokre gonger også lengre tid. Det vil vere minst to legar som opererer deg.
Cellegiftbehandling
Nokre gonger er det nødvendig å gi cellegift før operasjonen. Då prøver vi å krympe svulsten slik at den blir lettare å operere bort.
Nesten alle får cellegift etter operasjonen, for å fjerne eventuelle svulstrestar som er igjen. Vi gir også cellegift som tilleggsbehandling, sjølv når alt synleg svulstvev er fjerna, for å redusere risiko for tilbakefall. Første kur blir gitt i dei fleste tilfelle 3–4 veker etter open operasjon, ev. raskare ved kikkholsoperasjon.
Cellegift er også aktuelt når sjukdommen har spreidd seg til andre stader i kroppen, eller dersom den skulle dukke opp seinare.
Cellegiftbehandling ved eggstokkreft er vanlegvis seks cellegiftkurar med tre veker mellom kvar kur.
Cellegiftbehandling
Målretta medikamentell kreftbehandling
Målretta medikamentell kreftbehandling er eit samleomgrep for medikamentell kreftbehandling der medikamentet er laga for å slå ut spesifikke signalspor knytte til regulering av vekst i kreftsvulstar.
Dette er ei stor gruppe med mange ulike medikament. Dei mest brukte innanfor denne krefttypen er:
-
Bevacizumab (Avastin), som er eit antistoff som rettar seg mot vekstfaktor som er nødvendig for nydanning av blodkar. Når antistoffet bind vekstfaktoren, vil kreftsvulsten få redusert blodtilførsel som reduserer vekst. Bevacizumab blir ofte gitt i kombinasjon med cellegift og som vedlikehaldsbehandling etter cellegift.
-
PARP-hemmarar: Poly ADP-ribose polymerase (PARP) hemmere er ein målretta medisin som hindrar kreftcellene å reparere seg sjølve under kreftbehandlinga og fører til at kreftcellene døyr. PARP-hemmere blir gitt som vedlikehaldsbehandling etter cellegift.
Hormonbehandling
Ulike former for hormonbehandling kan i nokre tilfelle ha gunstig verknad på sjukdommen og kan brukast når cellegiftbehandling ikkje har hatt den ønskte verknaden.
Immunterapi
Immunterapi har foreløpig ingen etablert plass i behandling av kreft i eggstokkar, eggleiarar og bukhinna, men er noko som blir undersøkt i kliniske studiar.
Væske i bukhola
Eggstokkreft og eggeleiarkreft har ein tendens til å spreie seg til bukhinna, noko som lett fører til væskeopphoping i bukhola (ascites). Mange merke at magen blir stor og opplever generell sprengkjennelese. Dette kan behandlast ved tapping av væska og deretter eventuelt sette cellegift direkte i bukhola. Bevacizumab (Avastin), gjerne saman med cellegift, kan hindre danning av væske.
Lindrande behandling
Ved langt kommen kreft der sjukdommen ikkje kan heilast ligg nå føre det ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring.
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft, og ein del døyr av heilt andre årsaker.
Lindrande kreftbehandling