Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

FACT (fleksibel aktiv oppsøkende behandling)

FACT (Flexible Assertive Community Treatment) står for fleksibel aktivt oppsøkande behandling. Eit FACT-team består av tilsette med ulik kompetanse frå både kommunen og sjukehuset. Teamet hjelper deg som lever med alvorlege psykiske lidingar eller rusproblem, som har store utfordringar i kvardagen og som ofte ikkje får hjelp frå det ordinære hjelpeapparatet.

Om FACT

FACT skal gi heilskaplege og integrerte tenester og har derfor tilsette med variert kompetanse og erfaringsbakgrunn. Teamet består ofte av tilsette med sosial- og helsefagleg bakgrunn, psykiater og psykolog, og dessutan ein tilsett med erfaringskompetanse. FACT skal også gi støtte til arbeidsretta aktivitet. Nokre FACT-team tilbyr musikkterapi.

FACT skal gi kunnskapsbasert behandling og oppfølging, og er ein såkalla recovery-orientert modell. Det betyr at dei tilsette i FACT ønsker å bidra til å styrke di evne til å meistre livet så godt som mogleg i nærmiljø og lokalsamfunn, med dei rettane og plikter det medfører.

FACT-teamet skal behandle og følge deg opp i tråd med behova og ønska dine, og i samarbeid med deg og dine pårørande. FACT-teamet jobbar hovudsakleg oppsøkande. Det vil seie at dei møter deg utanfor kontora sine gjennom heimebesøk eller andre stader de blir einige om.

FACT-teamet vil koordinere dei tenestene du har behov for, enten dei blir gitt av teamet sjølv eller andre utanfor teamet.

Les meir om FACT-team (helsedirektoratet.no)

Tilvising og vurdering

Utgreiing

FACT-teamet greier kva ut som er behova dine, mål og ønske for behandling og oppfølging. Teamet skal sørge for god informasjon undervegs i utgreiinga. Det kan vere aktuelt å greie ut ulike tema, som for eksempel:

  • psykisk helse
  • rusmiddelbruk
  • kognitiv fungering
  • fysisk helsetilstand
  • bruk av medisinar
  • traumatiske erfaringar
  • fungering og meistring
  • livssituasjon og levevanar
  • familieforhold og sosialt nettverk
  • busituasjon
  • økonomi
  • skole/utdanning/arbeid og arbeidserfaring
  • kulturbakgrunn og religion

Teamet skal også hente inn informasjon frå pårørande og tidlegare utgreiingar i samråd med den det gjeld.

Teamet skal utarbeide ein behandlingsplan saman med deg. Planen skal innehalde ein kort gjennomgang av resultata frå utgreiinga, og ei beskriving av behova dine, målsettingar og tiltak.

Om du ønsker det, kan planen også diskuterast og justerast i samråd med pårørande.

Behandling

Behandling

FACT skal gi eit behandlingstilbod som er tilpassa ønska og behova dine. Det er viktig for teamet å formidle håp og rette merksemd mot dine meistringsområde og ressursar. FACT-teamet kan gi oppfølging utanfor kontoret:

  • heime
  • på arbeidsplassen
  • på kafé
  • andre stader vi blir einige om

Teamet samarbeider med deg for å finne rett oppfølging. I nokre periodar kan det vere behov for dagleg oppfølging, mens i andre periodar kan det halde med oppfølging sjeldnare.

Oppfølging

FACT vekslar mellom regelmessig oppfølging og intensiv oppfølging, ut frå livssituasjon. I stabile periodar får du regelmessig oppfølging frå ein hovudkontakt. I ustabile periodar får du intensiv oppfølging frå heile teamet.

Kriseplan

Teamet skal utarbeide ein kriseplan saman med deg. Ein kriseplan skal innehalde informasjon om tidlege teikn på ei krise, kva tiltak som skal bli sett i verk og kven som kan bli kontakta.

Behandlingsformer

Behandlingstilbodet er ein kombinasjon av ulike behandlingsformer og er retta mot fleire område:

  • symptom på den psykiske lidinga
  • rusmiddelproblem
  • bustad
  • relasjonar til andre
  • økonomi
  • arbeid
  • andre aktivitetar

Dette kan vere

  • samtaleterapi (for eksempel kognitiv terapi)
  • medikamentell behandling
  • rusbehandling (for eksempel IDDT)
  • eksponeringsterapi
  • musikkterapi
  • individuell jobbstøtte (IPS)
  • støtte i bustad
  • sosial ferdigheitstrening

 

Oppfølging

FACT er eit langvarig behandlingstilbod. Du kan få oppfølging frå teamet over lang tid. Intensiteten på oppfølginga vil variere ut frå behova dine.

Sist faglig oppdatert 07.03.2025

Kontakt

Nordfjord BUP

Kontakt Nordfjord BUP

Oppmøtestad

Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

Transport

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.