Heile familien må vere motivert for å jobbe med relasjonar og kommunikasjon i ein familieterapeutisk kontekst.
Familieterapi
Familieterapi inneber å jobbe med relasjonar og kommunikasjonen mellom dei ulike familiemedlemmene og andre i nettverket, gjennom samtalar og oppgåver. Terapien kan involvere foreldrepar, familiar, individuelt og i ulike nettverkssamanhengar. Omfanget av behandlinga varierer ut frå behov.
Det finst mange ulike retningar i familieterapi, med ulike tilnærmingar. Familietilnærming/familieterapi er effektivt som behandling eller del av ei behandling ved ulike vanskar og psykiske helseplager hos barn og ungdom som blant anna depresjon, angst‐ og tvangslidingar, ulike former for traume, spiseforstyrringar (anoreksi), åtferdsvanskar og rusmisbruk.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Kvar enkelt av oss blir prega av, og pregar sjølv, den samanhengen vi er ein del av. Forhold i familien, til venner, arbeid, skole, barnehage og fritidsarenaer har stor påverking på heile trivselen, helsa og utviklinga til familien. Målet med familieterapi er at familien får ei auka forståing av prosessane som går føre seg i familien, og gjennom dette finne måtar å vere saman på som kan vere med på å løyse opp i ein fastlåst situasjon.
Behandlingsopplegget vil variere og vere tilpassa kvar enkelt familie, avhengig av situasjonen for kvar enkelt familie.
Etter
Den som har vist til familieterapi er den som har hovudansvar for oppfølging etter avslutta behandling.

