Det er ingen spesielle førebuingar før sjølve undersøkinga.
Graviditet - Tidleg ultralyd med nakketranslusensmåling
Tidleg ultralyd med måling av nakkeoppklaring blir utført mellom veke 11 og 14 i svangerskapet. Alle foster har då ein liten væskebrem under huda i nakken som kallast for nakkeoppklaring eller nakketranslusen. Er oppklaringa i nakken auka, er det auka risiko for kromosomsjukdom hos fosteret, til dømes Downs syndrom (trisomi 21). Auka hevelse kan også sjåast ved andre tilstandar som til dømes hjartefeil, men fosteret kan også vere heilt friskt.
Tidleg ultralyd og blodprøve
Etter endring i bioteknologilova 2020 vil alle kvinner i Norge få tilbod om ei ultralydundersøking i veke 11-14. Dette kjem i tillegg til undersøkinga i veke 18.
Kvinner som er over 35 år har i tillegg tilbod om ei blodprøve, NIPT (non-invasiv prenatal test).
Undersøkinga vil føregå i Helse Førde ved sjukehuset i Førde fra 1. januar 2022 for alle over 35 år.
Les meir på helsenorge.no: Informasjon om fosterdiagnostikk
Om undersøkinga
Alle gravide har tilbod om tidleg ultralyd frå den offentlege helsetenesta etter den nye bioteknologilova frå 2020. Tidleg ultralyd inneber alltid måling av fosterets størrelse for å sjå om fosteret har vakse som forventa og vi kan estimere svangerskapslengde. Vi gjør undersøkingar av kropp og organutvikling og kan bekrefte antall fostre. I tillegg gjør vi ei måling av nakkeoppklaringa. Økt nakkeoppklaring førekjem ofte hos fostre som har kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom. Nokon gonger oppdager vi alvorlege avvik hos fosteret eller avvik som kan auke risiko for at fosteret har ein sjudom som ein kan få videre utgreiing for.
Før
Under
Du blir innkalt til ultralyd i veke 11-14 etter siste menstruasjon.
Alle som skal ha tidleg ultralyd må levere signert informert samtykke og må også bekrefte at dei har hatt rettleiing om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk.
Undersøkinga blir vanlegvis utført med ultralyd på magen (abdominalt), men nokon gonger er det betre oversikt med ultralyd frå skjeden (vaginalt). Undersøkinga gjer vanlegvis ikkje vondt, men iblant krevst eit visst trykk på magen som ikkje er farleg for fosteret.
Etter
Svar på ultralydundersøkinga får du som regel med ein gong. Dersom tidleg ultralyd er tatt saman med blodprøve kan det ta opptil 2 veker før du får svar.
Ultralydundersøkinga og blodprøva gir ingen diagnose, men ei risikoberekning. Kun morkakeprøve/fostervatnprøve gjev sikker diagnose på kromosomavvik.
Dersom det er funn ved undersøkinga vil vi tilvise deg til Fostermedisinsk senter ved Haukeland Universitetsjukehus for vidare utgreiing.
Ver merksam
Det er ingen biverknadar ved denne undersøkinga. Det finst ingen data som viser at ultralyd skadar fosteret. Det er heller ikkje auka abortrisiko etter undersøkinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde