Før kvar kontroll sender vi ut eit digitalt spørjeskjema. Du vil få påminning og lenke til skjemaet på SMS.
Om du er over 11 år får du eit eige skjema, og foreldra dine eit anna. Spørsmåla handlar blant anna om symptom, biverknader av medisin, om du har andre psykiske plager som angst og depresjon, eller andre problem.
Svara hjelper oss å forstå korleis det går med deg og om du treng å komme på kontroll eller ikkje:
Dersom det går greitt med deg, kallar vi deg ikkje inn til kontroll ved BUP, men ber deg fylle ut nytt skjema om seks månader (om du bruker medisin) eller 12 månader (om du ikkje bruker medisin).
Om vi er usikre på om du treng oppfølging, vil vi ringe deg for å forstå meir om kva du treng.
Om du har mange plager, kallar vi deg inn til kontroll på BUP.

