I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Ved mistanke om lymfekreft skal ein ta vevsprøve (biopsi) av forstørra lymfeknute eller svulst. Vevsprøva kan takast frå ulike stadar på kroppen, avhengig av der sjukdomen er. Det er ofte nødvendig med røntgenundersøkingar.
Viss vevsprøven stadfestar diagnosen, fører dette til fleire undersøkingar ved spesialavdeling på sjukehus.
Aktuelle undersøkingar kan vere blodprøvar, beinmergsprøve og radiologiske undersøkingar som CT, MR og PET-CT. Målet er å kartlegge omfanget av sjukdomen. Den eksakte undergruppa og omfanget av lymfekreften vil og danne grunnlaget for behandlinga.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Utgreiinga frå første frammøte på sjukehus til avgjerd om behandling kan variere, men er vanlegvis rundt to veker.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.