Før ein operasjon må du vere sikker på at du ikkje har ein pågåande augeinfeksjon. Ver veldig varsam dersom det er andre i familien som har augeinfeksjon («katarr»/konjunktivitt).
Skjegling
Ulike typar skjegling kan trenge ulik form for behandling, alt frå rett brille til operasjon. Skjegling kan behandlast med synsforbetrande verkemiddel som briller og lapp. Somme har også nytte av prisme i brilleglaset, for å rette opp skjegling. Andre treng ytterlegare behandling som operasjon eller botoxinjeksjon, eller begge deler.
Hovudgrunnar til å behandle skjegling
Det er to hovudgrunnar til å behandle skjegling: Å fjerne dobbeltsyn og/eller få ei kosmetisk finare augestilling. I tillegg kan det vere stramheitsproblematikk ved nokre spesielle skjeleformer, som til dømes ved stoffskiftesjukdommen Graves. Det kan også vere medisinsk behov for å behandle skjegling ved plagsame feilstillingar av hovudet og ved smerter.
Utgreiing
Behandling
Ikkje-operativ behandling
Ortoptist og augelege, og eventuelt optikar ved augneavdelinga, vil undersøkje deg og setje i gang behandling. Det kan vere rette briller, lappebehandling og synstestar på poliklinikken.
Botox-behandling med injeksjon i augemuskel
Behandling med botox blir gjord dagkirurgisk. Barn får narkose og vaksne får lokalbedøving. Etter botox-injeksjon kan du vanlegvis vere i normal aktivitet dagen etter.
Operasjon
Operasjonen blir gjord som dagkirurgisk inngrep i narkose. Inngrepet tek gjerne frå ein halv til halvannan time. Ein sjeldan gong varer det lengre, særleg dersom du har vore operert før. Du må rekne med heile dagen, då det kan vere venting før operasjon, og du må å komme deg litt etter narkosen.
Ein skjegleoperasjon vil gjere vondt same dag og vanlegvis i 2 – 7 dagar etterpå. Dersom det er førstegongsoperasjon, vil det oftast vere vondt berre nokre få dagar. Det kan kjennast ut som du har eit rusk på auget. Dersom det er fleirgongsoperasjon, kan det vere vondt over lengre tid. Somme er plaga av dobbeltsyn etter operasjonen. Det går som oftast tilbake etter ei viss tid.
Etter operasjonen vil du bli trilla inn på post‐operativ avdeling. Seinare på dagen kan du dra heim, men det må vere ein annan person i same hus som deg. Neste dag er det kontroll på poliklinikken hos den som opererte deg.
Oftast er det 2 – 3 kontrollar til, fordelt på ortoptist og augelege.
Oppfølging
Biverknadar
Den vanlegaste biverknaden ved ein skjegleoperasjon er dobbeltsyn. Alle operasjonar inneber ein viss risiko for komplikasjonar, men han er ikkje så stor ved vanlege rutineinngrep. Av og til er det vanskelegare å føreseie resultatet av ein operasjon. Då vil du bli informert om det på førehand.
Forholdsreglar etter operasjon
- Ikkje gni deg i det opererte auget.
- Ver nøye med god handhygiene, vaske hendene fleire gonger om dagen. Dersom du gløymer deg og tek uforvarande opp til auget, er det i alle fall med reine hender.
- Auget kan vere klistra igjen, dei første morgonane når du vaknar. Du kan vaske langs augevippskanten med sterilt saltvatn og sterile bomullstupfere. Dette får du kjøpt på apoteket. Dersom det ikkje er noko sekret langs augevippskanten, treng du ikkje å vaske der.
- Ikkje bad i klorvatn/offentlege symjebasseng dei første 4‐5 vekene etter operasjonen. Det kan vere auka mengd bakteriar i vatnet.
- Ver i moderat fysisk aktivitet, ikkje løft tungt eller utfør sport der du kan falle eller få ein gjenstand inn mot auget, dei første 3 vekene etter operasjonen.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde