Behandlar vil i forkant diskutere behandlingsforma med deg og de vil saman bli einige om å prøve behandlinga.
Tics-kontrollerande trening (HRT)
Habit Reversal Training (HRT) eller tics-kontrollerande trening, er eit åtferdsterapeutisk behandlingstilbod for barn og unge med kroniske tics og/eller Tourettes syndrom.
Kort forklart går metoden ut på at du gjer ei rørsle som er motstridande eller konkurrerande med å gjennomføre eit aktuelt tic. Dersom ticset for eksempel er å skyte armen i vêret, kan den andre rørsla (konkurrerande respons) vere å halde eller klemme lett rundt låret. Denne måten å arbeide på, føreset i stor grad at du har ei form for forvarsel for at ticset kjem.
Dei fleste barn over 10 år kan beskrive eit slikt forvarsel. Dersom ein ikkje har forvarsel, er det vanskeleg å behandle med konkurrerande respons og tics-kontrollerande trening. For å kunne bruke metoden må både barnet og foreldra vere motiverte. Om barnet ikkje er motivert eller ikkje har forvarsel, ventar vi nokre månader til nervesystemet er modna og motivasjonen blir endra. Da kan vi prøve igjen.
Best effekt av HRT har vi dersom barnet har evne til å konsentrere seg om ticsa, vere merksam på ticset og greie å identifisere forvarsel, i tillegg til kognitivt modnad. Dette er ofte på plass når barnet er rundt 10 år.
Behandlinga strekker seg over 12 gonger med såkalla booster-timer etter enda behandling. Behandling er individualterapi, men involverer alltid foreldre eller andre omsorgspersonar.
Tilvising og vurdering
Du må ha tilvising til behandlingstilbodet. Det er i hovudsak fastlegen eller legevakta som tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. På bakgrunn av tilvisinga vil vi avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Behandlinga består av fleire komponentar. Det blir blant anna trent på å vere merksam på når ticsa skjer og kva som skjer rett forut for ticsa. Forut for ticsa er det ofte eit lite forvarsel eller kjensle som vi kallar urge. Dette forvarselet blir oppfatta som ein trong til å måtte «ticse». Denne trongen blir mindre når ein ticser. Eit urge eller ein trong kan fort komme tilbake og da må ein i gang med ticsinga igjen.
Mange beskriv urge som kløe, svie, kribling eller brenning ein stad på kroppen, men oftast i nærleiken av ticset. For å bryte denne sirkelen blir dermed ticset erstatta med ein konkurrerande respons. Konkurrerande respons skal gjerast rett etter at ein kjenner ein trong.
Konkurrerande respons er ei øving som skal gjerast heilt til trongen til å ticse er borte, eller minst eitt minutt. Den konkurrerande responsen skal gjere det umogleg å ticse. Den konkurrerande responsen skal alltid vere mindre synleg enn ticset og forstyrre den som ticser, mindre.
Eit vokalt tic er ein ufrivillig lyd, snufsing eller harking. Konkurrerande respons til vokale tics er å puste djupt inn med munnen open, lukke munnen og puste sakte ut gjennom nasen. Øvinga blir gjentatt til trongen til å ticse er borte. Kvart tic blir trena på same måte, og vi må finne ein konkurrerande respons til kvart tics.
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema mot slutten av ein terapi. Det kan bli aktuelt med såkalla booster-timer, eller oppfriskingstimar etter avslutta behandling.

