Diagnose

Tjukk- og endetarmskreft

Tarmkreft er den vanlegaste nemninga på vondarta svulst i tjukk- eller endetarmen. Denne kreftforma blir også kalla Kolorektal kreft (engelsk Colorectal cancer).  Behandlinga av tarmkreft er kirurgi, og kan i mange tilfelle gjerast med kikholsteknikk. Viss sjukdommen har spreidd seg kan vi bruke cellegift som tilleggsbehandling, saman med strålebehandling.

Tarmkreft (kolorektal kreft) er et samlebegrep for kreft i tykktarm og endetarm.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Ein forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utgreiing

I denne fasen blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Kva type undersøkingar som blir gjort vil variere noko, men dei fleste skal undersøkast med eit skop i tarmen der det også blir tatt ei vevsprøve. Vidare blir det tatt ei rekke blodprøver. Ved mistanke om endetarmskreft blir det også gjort MR-undersøking.

Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje. Viss du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

Utgreiing ved mistanke om tjukk- og endetarmskreft (helsedirektoratet.no)

Behandling

Dersom du har kreft, skal vi no planlegge kva behandling som er best for deg. Beslutningar om behandlinga tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg teammøte.

Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finnast fleir moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.
 
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?

Tjukktarmskreft

Behandlingsmetoden ved tjukktarmskreft er kirurgi. Viss vi finn igjen kreftceller i lymfeknutar som er fjerna, kan cellegift redusere risikoen for tilbakefall.

Endetarmskreft

Ved endetarmskreft er det vist at kombinert stråle- og cellegiftbehandling før operasjon (neoadjuvant behandling) kan vere nyttig. Det gjeld i dei tilfella der svulsten er stor og kan true vevsplanen som vi følger ved kirurgi. Strålebehandling kan få svulsten til å trekke seg saman og tilbake i vevet, og gjere operasjonen betre og enklare.

Meir om tilleggsbehandlingar ved tjukktarmskreft og endetarmskreft

Såra må vere tilstrekkeleg grodd før oppstart, så behandlinga startar 4-6 veker etter operasjonen.

Det kan vere aktuelt med heil eller delvis sjukmelding i samband med cellegiftbehandlinga.

Du får eigen informasjon frå kreftavdelingen dersom tilleggsbehandling er aktuelt. 

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast, finst det ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og -lindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsakar.

 

g_076a3e69_fe61_4696_9682_14e949e29695

Oppfølging

Innan fire veker etter utskriving blir du innkalt til samtale med kirurg, viss ikkje anna blir bestemt. Ved kontrollen får du svar på vevsprøvene som er tatt under operasjonen. . Noken vil vere kandidatar for tilleggsbehandling med cellegift i 3 til 6 månader, og vil da bli tilvist til kreftavdeling for vurdering. 

Vi avtaler også det vidare kontrollopplegget. Dei aller fleste skal til vidare kontrollar hos fastlegen sin i fem år, men i nokre tilfelle er risikoen for tilbakefall så liten at det ikkje er anbefala med rutinemessig oppfølging. Ta kontakt med fastlegen din viss du er bekymra for tilbakefall. 

Dersom du skal til kontroll hos fastlegen, skal ansvaret for behandlinga bli overført på ein tydeleg måte. Fastlegen må få god informasjon om endeleg diagnose etter avslutta behandling på sjukehuset og hva kontrollene inneber. Du må sjølv bestille time hos fastlegen.

Første kontroll er 3-4 veker etter operasjon, hos kirurg. Vidare kontrollar er hos fastlege kvar 6. månad i 3 år etter operasjonen, deretter årleg kontroll til det har gått 5 år. Koloskopi (undersøking av heile tjukktarmen) blir gjord 5 år etter operasjonen. Du må sjølv bestille time hos fastlegen din. Dersom det er uavklarte funn på CT-undersøking eller blodprøve, vil fastlegen vise deg til ekstra poliklinisk vurdering hos kirurg. Dette bør han/ho også gjere dersom du har vedvarande plager med endetarm-, blære- eller seksualfunksjon.

  • Kontroll etter 3-4 veker: Du blir kalla inn til poliklinikken. Her får du samtale med kirurg og svar på prøver i vevet, og dessutan ønskjer vi å høyre korleis du har det. Du skal også ta ein blodprøve (CEA). Det blir vurdert om det også er mogleg å gi behandling med cellegift i tillegg.
  • Kontroll etter 3-6 månadar: Dersom du i tillegg har fått behandling med cellegift vil du etter dette få ein avsluttande kontroll på sjukehuset. Du får samtale med kreftlege.
  • Kontroll etter 6 månadar: Du skal ta ein ny blodprøve (CEA) på legekontoret.
  • Kontroll etter 1 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 1 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 år: Du bestiller time hos  fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av   lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3 år: Du bestiller time hos  fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 5 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen tilviser til koloskopi. Du skal ta ny blodprøve (CEA).

 

Første kontroll er 3-4 veker etter operasjon, hos kirurg. Vidare kontrollar er kvar 6. månad i 3 år etter operasjonen, deretter årleg kontroll til det har gått 5 år. Koloskopi (undersøking av heile tjukktarmen) blir gjord 5 år etter operasjonen. Du må sjølv bestille time hos fastlegen din. Dersom det er uavklarte funn på CT-undersøking, eller blodprøve, vil fastlegen vise deg til ekstra poliklinisk vurdering hos kirurg. Dette bør han/ho også gjere dersom du har vedvarande plager med endetarm-, blære- eller seksualfunksjon.

  • Kontroll etter 3-4 veker: Du får innkalling til poliklinikken for å snakke med kirurgen. Der ønskjer vi å høyre korleis du har det etter operasjonen. Du vil få svar på prøver tekne av vevet. Du skal også ta ein blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3-6 månadar: Du blir kalla inn til poliklinikken. Der får du igjen samtale med kirurg, i tillegg til ei klinisk undersøking med vekt på tarmfunksjon etter operasjonen.
  • Kontroll etter 6 månadar: Du skal ta ein ny blodprøve (CEA) på legekontoret.
  • Kontroll etter 1 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT røntgen av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 1 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA) .
  • Kontroll etter 2 år: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT røntgen av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 5 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen tilviser til koloskopi. Du skal ta ny blodprøve (CEA).

Rehabilitering og mestring ved kreftsykdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ei hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå starten på sjukdommen og behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet.


Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte legevakta:

  1. Viss du begynner å kaste opp
  2. Viss du ikkje har hatt avføring på fleire dagar
  3. Høg feber
  4. Sterke magesmerter

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.