Før vi startar behandling skal vil behandlaren diskutere forma på behandlinga di. Saman blir vi einige om å prøve den foreslåtte behandlinga.
Traumefokusert kognitiv åtferdsterapi, barn
Traumefokusert kognitiv åtferdsterapi er ein behandlingsmetode for barn og unge i alderen 6–18 år som har opplevd traume og som strevar med posttraumatisk stress.
Målet med behandlinga er at barna og deira foreldre eller omsorgspersonar lærer å kjenne igjen og handtere vanskelege kjensler knytte til den traumatiske hendinga. Vidare ønsker vi å bidra til framtidig sikkerheit, gode foreldreferdigheiter og god familiekommunikasjon.
Behandlinga består vanlegvis av 12–15 vekevise møte med barnet/ungdommen det gjeld og deira omsorgsperson. Etter at eit barn har opplevd ei alvorleg traumatisk hending, kan sjølv dei mest kompetente foreldra få problem med å halde oppe den gode omsorga si.
I foreldretimane, som skjer parallelt med barnetimane, ønsker vi å gi informasjon om behandlinga til barnet, lære og nytte dei same ferdigheitene som barna lærer, hjelp til å handtere den endra åtferda til barnet, og tilby rettleiing på generelle foreldreferdigheiter.
Talet på timar kan bli utvida for barn og unge som viser komplekse symptom. Da bruker vi gjerne meir tid på ferdigheitstrening i begynninga av behandlinga.
Andre område vi snakkar om er:
- teoriar rundt tilknyting og utvikling
- forståing av enkeltmenneske
- familiefokus
- eiga meistringsevne
- respekt for kulturelle verdiar
- fleksibilitet og tilpassing
- relasjonar i behandlingssituasjonen
Tilvising og vurdering
Det er i hovudsak fastlegen og legevakt som viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Vi vil på bakgrunn av tilvisinga avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Under
Behandlinga er delt inn i tre fasar i ei anbefalt rekkefølge. Denne metoden kan tilpassast kvart barn og familie.
Stabilisering og ferdigheitstrening
I den første fasen skal vi gi informasjon om den opplevde traumatiske hendinga, og barnet/ungdommen trenar på å handtere påminningar og stressreaksjonar.
Traumebearbeiding og prosessering
I denne fasen behandlar barnet/ungdommen påminningar gradvis og vi arbeider med å endre tankar og kjensler knytte til traumet som ikkje er formålstenlege.
Integrasjon og konsolidering
I den siste fasen bruker vi tid på framtidig sikkerheit og vidare utvikling. Vi snakkar om meistring av traumepåminnarar og styrking av støttande og open kommunikasjon i familien. Vi skal utvikle sikkerheitsstrategiar og prøver å bruke det barnet/ungdommen har lært.
Etter
Det er viktig at både barnet/ungdommen og omsorgspersonane bruker det de har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema mot slutten av behandlinga. Utover dette vil skolehelsetenesta, fastlege og andre instansar følge opp vidare ved behov.

