Innovasjon handlar om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester, men også om forbetringar i form av betre og meir kostnadseffektive prosessar, organisatoriske løysingar og pasientflyt.
Innovasjon er viktig for å auke den offentlege verdiskapinga gjennom betre kvalitet og kostnadseffektivitet. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet også i helsetenesta.
Helse Førde samarbeider med Høgskulen på Vestlandet rundt forsking og innovasjon gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane. Du kan lese meir om innovasjonsaktiviteten vår på den felles nettsida.
Her vil du også finne nettressursar for korleis ein skal gå fram dersom ein ønskjer å starte eit innovasjonsprosjekt i Helse Førde.
Kontaktperson:
- Rukan, Gro
Rådgjevar innovasjon.
Mobil 913 21 392 / e-post
Det finnast idémottak i alle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til Helse Førde her:
Idèmottaket