Ei kvinne og ein eldre mann som smiler og pratar

Pensjon og forsikring

Vi tilbyr gode pensjonsordningar og forsikringar til våre tilsette.

​Pens​​jon

Som tilsett i Helse Førde er du automatisk forsikra i Kommunal Landspensjonskasse (KLP)​ når det gjeld:

  • Alderspensjon og AvtaleFestet Pensjon (AFP), som blir administrert og utbetalt av KLP
  • Uføre-/attføringspensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp, eller når arbeidstakar ikkje lenger kan arbeide til ulagleg tid.
  • Etterlattepensjon, som gjeld for attlevande ektefelle, samt registrert partnar gjennom partnarskapslova (gjeld ikkje sambuar) og Barnepensjon som gjeld attlevande barn under 20 år.
 

Forsikring

Vi tilbyr våre tilsette eigne forsikringar gjennom Helse Vest. Desse forsikringane kjem i tillegg til utbetalingar frå Folketrygda og det du måtte ha av private forsikringar.
 
Forsikringane er:

  • Gruppelivsforsikring
  • Tenestereiseforsikring
  • Yrkesskadeforsikring (etter Lov om yrkesskadeforsikring)
  • Yrkesskade (forhandla fram via SPEKTER)



Sist oppdatert 12.12.2022