Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

03 Medarbeidarar og leiing som drivkraft i ein berekraftig organisasjon

Helse Førde står i ei tid prega av store demografiske endringar, aukande behov for helsetenester og knappare tilgang på helsepersonell. For å møte denne utviklinga må vi utvikle oss vidare som ein attraktiv, lærande og omstillingsdyktig organisasjon, der medarbeidarar og leiarar er dei viktigaste drivkreftene i utviklinga av berekraftige tenester.

Illustrasjon av innsataområde

Vi skal difor tilby jobbar som er fagleg ettertrakta og meiningsfulle, med gode moglegheiter for karrierebygging og livslang læring. 

Dette krev eit tydeleg og framtidsretta leiarskap som fremmar utdanning, forsking og innovasjon og sikrar medarbeidarar med rett og oppdatert kompetanse. Samstundes må organisasjonen vere rusta til å handtere aukande behov for samarbeid, endra behov i befolkninga og meir avgrensa tilgang på arbeidskraft og ressursar. 
 

Moglegheiter 

Gjennom målretta rekruttering og systematisk kompetanseutvikling kan vi styrke det samla kompetansenivået og tiltrekke oss nødvendig arbeidskraft. Tett og forpliktande samarbeid med utdanningsinstitusjonar vil bidra til å utdanne framtidas helsepersonell og styrke rekruttering, fagutvikling og kvalitet i tenestene. Satsinga på Vestlandslegen styrkjer samarbeidet med Universitetet i Bergen og bidreg til å utvikle Helse Førde som ein attraktiv og framtidsretta utdanningsarena medisinstudentar. Samstundes er samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet om vidareutvikling av campus Førde viktig for å styrke samla utdannings- og kompetansemiljø i regionen. 

God livsfasepolitikk, tiltak for å redusere turnover, rom for funksjonsvariasjon og tilrettelegging for arbeid under sjukdom kan bidra til å halde på kompetanse, styrke kontinuiteten og gjere Helse Førde til ein meir inkluderande arbeidsplass. 

Vidare gir satsing på leiarskap, medverknad og eit godt arbeidsmiljø høve til å bygge ein sterk organisasjonskultur prega av tillit, engasjement og kontinuerleg forbetring. Dette kan styrke både kvaliteten på tenestene og omstillingsevna i møte med nye krav. 

Vi må møte den auka aktiviteten gjennom kontinuerleg forbetring av arbeidsformer, god oppgåvedeling og nye arbeidstidsordningar. 
 

Utfordringar 

Helse Førde må handtere ein situasjon med stadig aukande etterspurnad etter helsetenester, samstundes som tilgangen på helsepersonell blir strammare. Dette stiller store krav til prioritering, omstilling og gjennomføringsevne i organisasjonen. 

Det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg og rett kompetanse i alle delar av føretaket, men  vi må klare å rekruttere og halde på medarbeidarar i konkurranse med andre arbeidsgjevarar. 

Å utvikle eit leiarskap som både driv endringane framover og tek vare på medarbeidarane, og som samstundes opprettheld eit godt arbeidsmiljø i periodar med høgt press, er krevjande. I tillegg føreset omstillinga evne til å ta i bruk nye arbeidsformer og å samarbeide tettare på tvers av nivå og fagområde. 
 

Overordna mål 

  • Helse Førde har personell med relevant og oppdatert kompetanse, og er ein attraktiv arbeidsplass gjennom heile yrkeslivet. 
  • Leiarar og medarbeidarar har dei føresetnadene som trengst for å prioritere, gjennomføre endringar og skape varig forbetring når nye krav og rammevilkår oppstår. 
     

Strategiske tiltak 

  • Langsiktig og heilskapleg bemannings- og kompetanseplanlegging, basert på analysar av framtidige behov, endra oppgåver og nye krav. 
  • Styrke rekruttering og utvikling av tilsette, og arbeidet med å halde på kompetanse. 
  • Utdanne og vidareutdanne fagpersonar i eiga verksemd. 
  • Vidareutvikle samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å sikre praksisplassar, rettleiarkompetanse og utdanningsløp som støttar behova i tenestene 
  • Fremme eit godt arbeidsmiljø gjennom systematisk HMS-arbeid og ein kultur for læring og kontinuerleg forbetring. 
  • Halde fram med leiarutvikling som styrker kompetansen til leiarar på alle nivå og vidareutvikle leiarskap med særleg vekt på prioritering, omstilling, gjennomføringsevne, innovasjon og gevinstrealisering. 
  • Legge til rette for fleksibel bruk av kompetanse og nye arbeidsformer, slik at organisasjonen raskare kan tilpasse seg endra rammevilkår, behov og krav. 
     

Slik skal vi måle at vi er på rett veg 

  • Talet på kvalifiserte søkjarar per utlyst stilling. 
  • Gjennomførte leiaropplæringar, leiarutviklingsprogram og leiarsamlingar. 
  • Gjennomførte tiltak frå rekrutteringsstrategien. 
  • Redusert ekstern turnover. 
  • Redusert sjukefråvær. 
  • Høg del heiltidsstillingar. 
  • Ønskt kompetansesamansetning. 
  • Høgare alder ved pensjon. 
     
Sist oppdatert 27.10.2026