04 Berekraftig drift og ansvarleg ressursbruk
Helse Førde skal forvalte fellesskapets ressursar på ein måte som gjer oss i stand til å levere gode helsetenester både i dag og i framtida. Berekraftig drift handlar om å sikre god samanheng mellom behov, prioriteringar, kapasitet, kompetanse og økonomi. Ressursane må nyttast klokt og målretta, slik at dei gir størst mogleg verdi tilbake til pasientar og samfunn.

Ansvarleg ressursbruk omfattar både økonomiske, menneskelege og materielle ressursar, og inneber at klima- og miljøomsyn må vere ein integrert del av korleis vi planlegg, prioriterer og driv verksemda.
Moglegheiter
Helse Førde skal arbeide endå meir systematisk med prioritering, forbetring og ressursstyring på tvers av nivå og fagområde. Betre bruk av teknologi, digitalisering og kunstig intelligens kan støtte meir effektive arbeidsprosessar og frigjere tid til pasientretta arbeid.
Reduksjon av uønskt variasjon, meir målretta bruk og deling av kompetanse, og meir effektiv utnytting av bygg, areal og utstyr kan gje større handlingsrom innanfor eksisterande rammer. Samstundes gir klima- og miljøarbeid høve til å utvikle framtidsretta løysingar som kan styrke beredskap, økonomi og samfunnsansvar.
Utfordringar
Helse Førde står overfor aukande behov for helsetenester som ikkje lenger kan møtast ved å tilsette meir personell eller auke dei økonomiske rammene. Dette gjer det nødvendig med tydelege prioriteringar, omstilling og betre utnytting av samla ressursar.
Uønskt variasjon, fragmenterte arbeidsprosessar og mindre effektiv bruk av kompetanse, teknologi, bygg og areal kan svekke bereevna over tid. Det er òg ei utfordring å sikre at gevinstane frå omstilling, digitalisering og nye arbeidsformer faktisk blir realiserte og varige i ordinær drift.
Overordna mål
- Helse Førde har berekraftig drift med tydeleg samanheng mellom prioriteringar, behov, kapasitet, økonomi og ressursbruk.
- Ressursane blir nytta der dei gir størst verdi tilbake til pasientane og samfunnet.
Strategiske tiltak
- Nye tiltak, teknologiar eller investeringar skal vurderast opp mot kva dei skal erstatte, forenkle eller redusere.
- Gjenopprette og oppretthalde økonomisk balanse over tid gjennom prioritering, kostnadskontroll og effektiv ressursbruk.
- Redusere unødvendig bruk av helsetenester.
- Redusere uønskt variasjon i praksis.
- Synleggjere nytteverdien av reformer og tiltak før og etter implementering, for å sikre reell effekt i drift.
- Bruke teknologi, digitalisering og kunstig intelligens målretta for meir effektiv ressursbruk og betre arbeidsflyt.
- Leggje til rette for fleksibel og føremålstenleg bruk og deling av kompetanse, areal, utstyr og andre fellesressursar.
- Modernisere, vedlikehalde og utvikle bygg og teknisk infrastruktur slik at dei støttar god drift, møter framtidige behov og styrkjer beredskapen.
- Integrere klima-, miljø- og energiomsyn i planlegging, investeringar, byggutvikling og dagleg drift.
- Etterleve miljøkrava i Helse Vest.
- Ta samfunnsansvar i utvikling, drift og innkjøp gjennom etiske krav, seriøsitetskrav og berekraftige løysingar ved bruk av eksterne leverandørar.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
- Økonomisk balanse, og betre samsvar mellom aktivitet, prioriteringar og budsjett.
- Lågare kostnad per pasient (KAPP) og dokumentert gevinstrealisering frå omstilling og digitalisering.
- Reduksjon i uønskt variasjon i klinisk praksis.
- Meir effektiv bruk av kompetanse, bygg og teknologi.
- Betre resultat på klima-, miljø- og arealindikatorar.
- Positiv utvikling i ressursbruk og bereevne samanlikna med andre helseføretak.