Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

05 Robust beredskap og sikkerheit

Styresmaktene legg til grunn at Noreg står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Beredskap handlar òg om å støtte nasjonal motstandskraft og totalforsvaret, og bidra til eit samfunn som kan oppretthalde nødvendige funksjonar under kriser.

Illustrasjon med eit ikon

Ein sterkare og meir robust beredskap blir ein sentral del av helsetenestene i framtida. Styresmaktene forventar òg eit tettare samarbeid mellom sivile og militære aktørar. I ein god helseberedskap er evne til å auke kapasitet på helsepersonell ei sentral oppgåve. Ekstra personell kan mobiliserast på tvers av kommunar, helseføretak og regionar, i tillegg - ressursar frå næringsliv og frivillig sektor. 

I vårt lokale beredskapsarbeid blir vi utfordra og oppmoda til å arbeide systematisk med risiko, kartleggje kritiske føresetnader for drift, leggje til rette for kontinuitet i eiga verksemd og styrkje evna til å gjenoppta normal drift. Vi skal ta omsyn til klimaendringar og naturrisiko som kan påverke kritisk infrastruktur og tilgang til helsetenestene. 
Legemiddelberedskap og forsyningstryggleik skal vere ein integrert del av den samla beredskapen i føretaket. 

 
Overordna mål 

  • Helse Førde er førebudd på å oppretthalde kritiske helsetenester ved naturhendingar, kriser, krig, sabotasje, pandemi og bortfall av kritisk infrastruktur som straum, internett og vatn. 
  • Pasientar, medarbeidarar og samfunnet har tillit til føretaket si beredskapsevne. 
     

Strategiske tiltak 

  • Sikre tydeleg organisering, avklart ansvar og effektiv leiing i beredskapssituasjonar, med klare roller og avklarte fullmakter. 
  • Vidareutvikle beredskapsplanverket, øvingar og kompetanse innan krisehandtering. 
  • Utarbeide planar for å skalere opp personellressursar og sikre alternative løysingar for å halde drifta i gang, samt sikre forsyning av kritiske varer. 
  • Styrke digital tryggleik, IKT-robustheit og forsyningssikkerheit for kontinuerleg drift. 
  • Vidareutvikle samordning og samarbeid med lokal, regional og nasjonal beredskap. 
     

Slik skal vi måle at vi er på rett veg 

  • Helseføretaket har gjennomført eigne risiko- og sårbarheitsanalysar og har oppdaterte planar som følgjer opp desse. 
  • Helseføretaket har klare ansvarsforhold og varslingsrutinar som mobiliserer relevante ressursar lokalt og/eller i samhandling med regionale og nasjonale aktørar. 
  • Helseføretaket gjennomfører øvingar med relevante scenario. Evalueringane av øvingane blir omsette til forbetringstiltak og læringspunkt. 

  

 

Sist oppdatert 27.10.2026