Helsekrav er ikke oppfylt dersom alkohol, rusmidler eller legemidler brukes i et omfang og på en måte som fører til helsesvekkelse med økt trafikksikkerhetsrisiko.
Midler som kan påvirke kjøreevnen (§§ 35–37) - Helsedirektoratet
Aktuelt frå samhandlingslegane
Her finn du aktuelle nyhende som praksiskonsulenten ynskjer å formidle til samarbeidspartane våre. Spesielt ynskjer vi å gi informasjon til allmennlegar om aktuelt samhandlingsstoff som er relevant for dagleg praktisk og fagleg oppdatering. Vi tek gjerne imot stoff til denne sida!
02.07.26
Sunnfjord Øyre Nase Hals
John Arthur Kvamme ved Sunnfjord ØNH informerer om at dei har tilsett erfaren audiograf, som startar opp til hausten.
Informasjon frå Laboratoriet:
Erling Skjalgssonsgate 1
7030 TRONDHEIM
E-post: Tone.Dypdalsbakk@stolav.no
Telefon: 72 57 31 67
- indikasjon for prøvetaking
- kva pasientgrupper som eventuelt bør vurderast for testing
-
korleis analysesvar skal tolkast og følgjast opp
Konstituert Avdelingssjef
25.06.26
Turistar og utanlandske pasientar
Hovudregelen er at pasienten legg ut sjølv
For pasientar som ikkje oppheld seg på folkeregistrert adresse, til dømes turistar, utanlandske pasientar eller pasientar på ferie, er hovudregelen klar: Pasienten skal sjølv organisere og betale reisa til og frå behandling, og deretter søke om reisestøtte i etterkant.
Ved akutte behov
Dersom det er behov for akutt hjelp (ØH), må pasienten legge ved dokumentasjon på dette når han eller ho søker reisestøtte. Ved uventa behov for helsehjelp må også vilkåra i pasientreiseforskrifta vere oppfylte for at pasienten skal ha rett til dekning.
11.06.26
Stafettpinnen overlevert
I desse dager overtar Camilla Savland stafettpinnen som leiar for samhandlingslegane i Helse Førde. Siste arbeidsdag for Normund Svoen blir 18.06. Ho kan nåast på camilla.elisa.savland@helse-forde.no
Vi ynskjer Camilla velkomen og lukke til.
09.06.26
Litt av kvart etter samhandlingslegane sine møter med avdelingane i Helse Førde og etter andre innspel frå FSS avdelingar
Samhandlingsmøte med augeavdelinga og ØNH.
Injeksjonsbehandling mot makulopati
Behandling av xantelasmer
Augeavdlinga har tidlegare tilbudt behandling av xantelasmer med pensling med trikloreddiksyre. Trikloreddiksyre er ikkje lenger mogeleg å få tak i. Ingen andre helseforetak får tak i det heller. Alternativet er kirurgisk fjerning, noko ein ikkje kjem til å tilby i Helse Førde.
Minner om konferanseplikt ved ØH innleggelse til "småavdelingane" og lokalsjukehusa.
Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og førarkort.
§ 35. Generelle helsekrav ved bruk av midler som kan påvirke kjøreevnen
Nye og oppdaterte rutiner vedr malariaprøver.
Mikrobiologisk avdeling har oppdatert kravet til informasjon om malariaprøver som sendast fra primærhelsetenesta. Dette har skjedd etter ei hending tidlegere i år. Sjå informasjonen i Labnytt for Helse Førde.
Labanalysar i Helse Førde
Samhandlingsmøte med kvinneklinikken
Gynekologisk undersøking før tilvising til gyn.
I møte med KK kjem det fram at det framleis kjem tilvisingar til KK for gynekologisk vurdering utan at det er anført at vanleg gynekologisk undersøking er gjennomført og resultata av denne. Resultat av den gynekologiske undersøkelsen er viktig i prioriteringsvurderinga og skal som hovudregel alltid gjennomførast. Er det nødvendige/gode grunnar for at gynekologisk undersøking ikkje er gjort må dette anførast i tilvisinga.
Samhandlingsmøte med urologi/generell kirurgi
Urologi:
100 nye tilvisingar pr veke som er krevande for ei slik lita avdeling men etter ein periode med kapasitetsproblem klarer ein no å ta unna og holde ventetider.
Viktig at ein følger retningslinjer ifht PSA prøver - skal alltid gjentakast etter nokre veker ved forhøga verdier der ein vurderer tilvising. Særleg infeksjonar må utelukkast og evt behandlast før ny prøve takast.
Ved LUTS problematikk der kreft er utelukka bør ein forsøke tamsulosin (Omnic) før tilvising
Helse Førde utfører ikkje lenger sterilisering av menn. Det må tilvisast til private tilbod.
Uroterapi tenestene er omfattande og avdelinga er interessert i å lære opp personell ute (både legekontor og hspl) for betre å kunne handtere slike problemstillingar sjølve. Avdelinga kan kontaktast for avtaler
Anna kirurgi:
Helse Førde samarbeider med Haukeland når det gjeld åreknutar og anna karkirurgi. Elektive pasientar kan tilvisast Førde for vurdering. Obs. strenge kriterier no for offentleg behandling av varicer (ødem, sår).
Tilvising til overvektsoperasjonar kan tilvisast Førde men heile prosessen frå tilvising til operasjon tar tid. Overveksklinikken tar pas gjennom vurdering, kurs etc. Førde opererer kun sleeve, men i tilfelle behov for by-pass henviser avdelinga vidare til der dei gjer slikt (bl.a. Voss). Oppfølging postoperativt hos fastlege i 5 år.
Postoperativ behov for fjerning av overskuddshud etter stort vekttap blir vurdert og ofte operert i Førde - det gjeld også mamma-reduksjonsplastikk der det er medisinsk indikasjon for slike inngrep.
Vedr gallestein skal alltid leverprøver takast før tilvising- avgjerande ifht prioritering.
Diverse:
Dialogmeldingar brukast hyppig begge vegar vedr kjente pasientar, men skal ikkje brukast til å "purre" på lang ventetid, men kun når tilstanden forverrar seg i ventetida. Tilstandsforverringa må sjølvsagt beskrivast. Obs at pasienten har lesetilgang til denne korrespondansen via Helse Norge.
Kirurgisk avdeling tar gjerne inn ALIS kandidater for sitt sjukehus-halvår når dei har mulegheit. Gir tilbod om brei opplæring til god nytte i AP. Ta evt kontakt med avdelingsleiar.
Samhandlingsmøte med radiologisk avdeling
Generelt
Generell tilbakemelding at tilvisingar frå primærhelsetenesta jamt over er gode sjølv om det er noko variasjon.
Tilfredsstillande svartider, men der er unntak der ein opplever å vente lengre enn det som er ynskeleg.
Aukande mengd dialogmeldingar, i hovudsak eit godt verktøy, men ein opplever at det er noko uhensiktsmessig bruk:
-Spørsmål kring klinisk oppfølging er retta til radiologisk avdeling, der det skulle vore adressert relevant klinisk avdeling eller at ei ville forvente at tilvisar sjølv oppdaterte seg på området.
-Spørsmål om framskunding utan at det kjem fram nye relevante opplysningar som tilseier endra prioritet.
- Spørsmål kring det som ikkje er eksplisitt nemnd i beskrivinga.
- Dialogmeldingar formulert og tenkt som tilvisingar(primær) eller som spørsmål om ny vurdering. Til desse føremåla må det sendast ny tilvising
Ventetider – status
Ventetidene er særleg utfordrande innan enkelte undersøkingstypar, opplever lengre ventetid til konvensjonelle undersøkingar enn tidlegare.
Viktig med god bruk av hastegradsfelt i tilvisingane, denne vert nytta i prioriteringsarbeidet.
Behov for open informasjon om ventetider til fastlegane, ynskeleg at desse vart gjenspegla i interactor. Utfordrande at oppgitte ventetider er for dei lengst ventande og difor er mindre relevante for dei pasientar der hastegrad er høgare enn «elektiv».
Samhandlingsmøte med BUP
Litt frå referatet.
Kva er forbetringspotensiale i samarbeidet?
Det kan vere eit problem at fastlegane ikkje har all informasjonen frå 1. linja når dei skal sende tilvising til BUP, for eks rapportar frå PPT. Dette kan gjere samarbeidet unødvendig vanskeleg.
PPT kan ikkje sende frå seg rapportar utan at foreldre har samtykka til det.
Ha eit møte på overordna nivå om at for eks PPT bør ha det som ein rutine at dei alltid innhentar samtykke frå foreldre til å dele opplysningar med andre, slik at barna får den hjelpa dei har krav på? BUP kan avvise på feil grunnlag, dersom dei ikkje har fått alle opplysningane.
Den fleste fastlegar veit kva som skal følgje ei tilvising til BUP. Dei veit at barna vanlegevis skal kartleggast meir enn berre på eit fastlegekontor før tilvising. Fastlegane må passe på dette. Somatisk avklaring er også avgjerande.
Stor variasjon i kvaliteten på tilvisingane. Dei fleste er gode, men nokre nye legar veit gjerne ikkje kva tilbod som finst i dei ulike kommunane. Det er ikkje berre BUP som kan tilby psykisk helsehjelp. Alle kommunar har helsestasjon og vanlegvis har dei også ei psykisk helseteneste.
Fagdag i voksenpsykiatri 22.april 2026
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde arrangerte fagdag for fastlegar og spesialistar 22. April 2026. Følgande tema kort oppsumert:
1) Kontrollkommisjonen informerte om endring i lov om psykisk helsevern og pasient og brukarrettslova gjeldande frå 1. juni 2026.
Kort oversikt over endringane:
- Samtykkekompetanse (heretter “beslutningskompetanse”) Bl.a. senka beviskrav vedrørande avgjerdskompetanse frå openbart til overvegande sannsynleg (at pasienten ikkje forstår hva vedtaket gjeld og konsekvensen av denne)
- Psykisk helsehjelp til pasient utan beslutningskompetanse som ikkje motset seg hjelp
- Høve til å gjennomføre vedtak om tvangsmedisinering med antipsykotika i sjukeheim
- Lovfesting av rammer for ECT utan samtykke
- Strengare krav til farevruderingar i psykisk helsevern
- Utvida pårøranderettar ved fare og av omsyn til barn
Webinar med meir utfyllande informasjon (varer 54 minutt): Webinar om endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerettighetsloven som trer i kraft fra 1. juni 2026 Webinar om endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerettighetsloven som trer i kraft fra 1. juni 2026 - Helsedirektoratet
2) “ADHD – er vi på rett kurs?” med Trond Velken, der han problematiserte og diskutere kva ADHD er og ikkje er, samt kva vi veit og ikkje veit.
“Take home message”: ADHD er ei skilding og klassifisering av symptom, ikkje ei forklaring.
3) “Redusert levealder for pasientar med alvorlege sinnslidingar” med Professor, PhD. Rune Andreas Kroken.
Til samanlikning med generell befolkning har personer med alvorleg sinnslidingar redusert levetid (menn 20 år og kvinner 15 år). Dette grunna ulykker og sjølvmord (opptrer ofte i ung alder og tar mange leveår), samt somatisk sjukdom. Studier tyder på at manglande bruk av antipsykotisk medisin hjå denne gruppa medfører auka risiko for død. Med rapporten “Bedre helse og lengre liv for personer med alvorlig psykisk lidelse eller rusmiddel og avhengighetslidelse” fra Legeforeningen januar 2023 ønsker man å sette fokus på den auka risikoen for somatisk sjukdom hjå denne pasientgruppa. I rapporten heiter det at fastlegen bør “være oppsøkende og pågående overfor pasientgruppene. Gjennomføre årskontroller.”
Oppfordring om at “hjertefrisk algoritmen” blir teken i bruk: Microsoft Word - HJERTEFRISK algoritme 261119 v1.4.doc
Presentasjonane.
ADHD - på rett kurs - Helse Førde - Trond Velken.pdf
Redusert levealder for pasientar med alvorlege sinnslidingar.pdf
Endokrinologsituasjonen i Helse Førde.
Info frå avdelinga.
-
Hølleland vurderer tilvisingar og følgjer opp dialogmeldingar og prøvesvar.
-
Overlege Matusiak på NSH vurderer tilvisingar innan diabetes, slik ho har gjort sidan februar.
-
Tilvisingar med særleg komplekse problemstillingar vert ev. vidaresende til HUS.
-
Ein del diabetes-kontrollar blir utførte av LIS 2/3. I Førde har to diabetessjukepleiarar som kontinurleg jobbar i medisinsk poliklinikk.
-
Jobbar med å skaffe vikar i periodar.
Samhandlingsmøte med ANRR (Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering)
Utvikling og utfordringsbilete generelt for ANRR-avdelinga
Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR) har gjennomgått organisatoriske endringar:
-Poliklinikkane for nevrologi og revmatologi er slått saman under ein felles driftsleiar, Elin Ese.
- Pawel Franciszek Mielnik er leiar for revma-legar
- Elin Seim er leiar nevro-legar
- Sirianne Pidic er seksjonslear for Nevrologi og rehabilitering sengepost.
Sengeposten inneheld nevrologiske senger, rehabiliteringssenger og medisinske senger.
Felles infusjonspoliklinikk er under etablering og vil opne i løpet av hausten. Der vil infusjonar frå nevrologi, revmatologi og medisin og barn bli gitt. Kreftinfusjonar held fram på kreftpoliklinikken.
Rekruttering er den største utfordringa, særleg innan nevrologi der fleire LIS-stillingar står ledige.
Ventetid og fristbrot: Avdelinga ligg godt an – ingen fristbrot, låg ventetid og vurderingstid på ca. 1–1,5 dag for både Nevrologi og revmatologi.
Auka tal avslag på tilvisingar med konkrete råd tilbake til henviser har betra kapasiteten og redusert ventetida. Fleier gode tilbakemeldingar frå fastlegar som opplever at avslag med god råd tilbake er positivt.
Samhandlingsmøte med hudavdelinga
Nokon viktige moment som kom fram:
- mange dialogmeldingar utan kjent pasient - ikkje i tråd med retningslinjen og blir i stor grad ikkje besvart
- ved tilvising om hudforandringar krevst ein del spesifikke detaljer: lokalisasjon, storleik (mm/cm) farge, kor raskt den har komme, biopsi der dette er relevant
- vedr allergologi er det ifht vurdering av Prick-test viktig med info om type 1 eller type 4 rekasjon. Derfor viktig med info om debut, varigheit, urticaria+-,
- Bemanning: har to hudlegar på plass, mangler to - nokon pas blir vidarehenvist til heilprivate legar.
Samhandslingsmøte med Barne- og ungdomsavdlinga
Kommunikasjon og system
Den nye generasjonen legar er digitale og følgjer nasjonale retningslinjer → kulturendring pågår
Behov for tolmod ved innføring av nye kommunikasjonsforme
Kvalitet på tilvisinga
Vanleg mangel: vektkurver. BUA har behov for informasjon ved vurdering av vekt over tid
Dialogmeldingar kan nyttast for ettersending av informasjon
Positive utviklingar:
Tilvisingar til HABU er blitt meir detaljerte med åra Hjelper godt på vurderinga i spesialisthelsetenesta.
Fleire instansar (PPT, fysioterapi, barnehage m.fl.) bidreg med utfyllande informasjon. Dette gjer vurderingsarbeidet lettare
Dialogmeldingar bør brukast aktivt ved behov for meir informasjon Barnelegeforeininga har utvikla «avvisingsskriv» med rettleiing – korleis opplever fastlegane desse?
Uavklarte ansvarsområde
Fedme
Uklart ansvar mellom nivåa (kven gjer kva)
BUA tilbyr medisinsk utgreiing med fokus på årsak, komorbiditet og funksjon
Tiltak inkluderer ernæringsfysiolog og fedmesjukepleiar
Bør jobba med vidare: Utfordringar i oppfølging og ansvarsdeling
Avventar avklaringar rundt medikamentell behandling.
12.03.26
Barn med kronisk mageubehag.
Informasjon frå barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde
"Av barn tilvist med mageubehag eller magesmerter med symptom som har vart ved i over 1 måned, er det hos ca 10 % påvisbar somatisk sjukdom. Fleirtallet har det vi omtaler som funksjonelle mage- og tarm tilstander (eksempelvis funksjonell kvalme, oppkast, dyspepsi, magesmerter, forstopping, diare og IBS). Slike plager har sammensatte «bio-psyko-sosiale» årsaker."
Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde har i samarbeid med Stavanger universitetsjukehus laga ei punktliste for viktige utgreiingar hos primærlege i forkant av tilvising.
Barn med kroniske mageubehag_moment i tilvising til barnelege.pdf
Utredning og oppfølging av funksjonelle mage- og tarmplager - Helse Stavanger HF
Legefylgje i ambulanse - retningslinjer for oppgjer
Det har vore spørsmål vedrørande oppgjer for legefylgje i ambulanse til sjukehus, korleis ein set den opp og kor ein adresserer den. Vi har forelagt problemet til ambulansesjef Stian Sægrov. Han svarer: "Vedlagt ligg vår gjeldande retningslinje og praksis. Slik vi vurderer det, er denne i tråd med det som elles blir praktisert i andre helseføretak.
I vedlegget finn de også korrekt fakturaadresse. Det er òg mogleg å nytte e‑postadressa for innsending av fakturaer:
inngaandefaktura.rekneskap@helse-forde.no
Fagdag psykiatrisk klinkk
Minner om at Psykiatrisk klinikk, Helse Førde, inviterer til sin årlege fagdag 22.04.26 for fastlegar og spesialistar. Kontrollkommisjonen er òg invitert.
Fagdag psykiatrisk klinikk_Invitasjon og program 22. april 2026.pdf
12.03.26
PRosedyre for Oppgåvedeling mellom Fastlegar og Spesialisthelsetenesta i Helse Førde
Prosedyren er no godkjent i strategisk samarbeidsutvalg (SU) og er i drift. Vonar at den blir lest og brukt. Den er like viktig i første- som andrelinjetenesta. Det er viktig at fastlegekontora og avdelingane i Helse Førde tar fram prosedyren og gjer den kjent i interne møter. Samhandlingslegane fylgjer med korleis den blir etterlevd og har regien på evt revisjonar. Prosedyren ligg på samhandlingsidene til Helse førde under Samhandlingsprosedyrer
Revidert PROFS pr 050326 pdf.pdf
Sjekkliste oppgåveoverføring.pdf
05.03.26
Raud rekvisisjon (retting) - info frå pasientreiser
I dei tilfella det er naudsynt å fylle ut ein raud rekvisisjon, grunna t.d. problem med Nissy, skal rekvirent gje rekvisisjonsnummeret til transportør. Sjølve rekvisisjonen skal leverast til Pasientreiser snarast mogleg. Dette gjeld utanom Pasientreiser sine opningstider, og for legevakt og ekspedisjon ved Førde sentralsjukehus. (Legekontor, fysioterapeutar og andre i primærhelsetenesta skal ikkje nytte raud rekvisisjon)
Transportør skal ikkje ta i mot rekvisisjonar, og heller ikkje køyre utan å fått nummeret på rekvisisjonen, eller tur på taksameter. I dei tilfella det vert gjort, må pasient legge ut for turen sjølv.
26.02.26
Pasienten sine rekvisisjonar
Pasientens rekvisisjoner vil gi prøvetakar elektronisk tilgang til informasjon om kva prøvar som skal takast og analyser som skal gjennomførast hos laboratoriet, i riktig tid før pasienten skal møte opp hos behandlar for oppfølging.
Pasienten vil få informasjon om sine rekvisisjonar på Helsenorge, og vil bli varsla om å gjennomføre prøvetaking i god tid før planlagt behandlingstidspunkt.
Prosjektet er no godt i gang med utvikling av ei digital løysing, pilotfase er starta i Helse Vest
Innføringa av Pasientens rekvisisjoner forventas å gi betydelige tidsbesparinger for helsepersonell på sjukehus og ansatte ved fastlegekontor. På lengre sikt vil dette også gi større fleksibilitet for pasientar, særskild når prøvetaking kan gjerast ved fastlegekontor eller ved sjukehus i andre regionar, og dermed forenkle prosessen med å få tatt prøver uavhengig av geografisk plassering. For meir informasjon, sjå nettside for prosjektet
Pasientens rekvisisjoner - Norsk helsenett
Ny funksjon på Helsenorge for innbyggar
Eit lite tips ved bruk av Helsenorge for innbyggar. Legg til som snarvei. Dette er ein funksjon som kan resultere i mindre "scrolling" for dei som bruker Helsenorge mykje. Greit å vite for fastlegen også.....
Helsenorge og snarveier.mp4
12.02.26
Diabetesforum i Fylka 2026 - klinisk emnekurs.
Diabetesforum i Fylka er organisert som eit klinisk emnekurs i endokrinologi der deler av kurset er videoseanser pluss eit ein-dagskurs - bl.a. i Bergen arrangert av Diabetesforum Vestland 17. april. Sjå lenke bl.a. for påmelding under.
Diabetesforum Vestland | Diabetesforbundet
Kurs i etikk og jus
Senter for medisinsk etikk inviterer til to-dagers kurs i etikk og jus for leger innen ulike spesialiteter. Kurset er spesielt relevant for leger i alders- og sykehjemsmedisin, samt for kommune- og fylkesleger.
28. og 29. mai avholdes kurset, i Oslo sentrum.
Kurset er godkjent av Legeforeningen med 15 poeng/15 timer, avhengig av spesialitet og gammel/ny ordning (se link under), med tilhørende publisering i Kurskatalogen, men vi oppfordrer dere til å distribuere kurstilbudet til medlemmer av deres forening.
Link til arrangementsside og påmelding
De vanskelige beslutningene: Etikk og jus i verktøykassa - Institutt for helse og samfunn
Nasjonal samhandlingskonferanse for legar
Solstrand Hotell og Spa. 04.-05.06.26
Målgruppe: Samhandlingsleger, fastleger, leger i helsefellesskap, andre profesjoner som deltar i samhandlingen mellom 1. og 2. linjetjenesten.
Godkjeningar i allmennmedisin og samfunnsmedisin - 16 timar.
Lenke i kurskatalogen:
Nasjonal samhandlingskonferanse: Et ressurseffektivt helsevesen mot en usikker fremtid
05.02.26
Tilvising til HelseIArbeid (HIA)
Vi legg ut her viktig info frå FMR i Helse Førde.
"Arbeid og skule er av dei viktigaste faktorane med omsyn til god helse. Forsking viser at pasientar vert raskare friske når dei greier å halde på sine vanlege roller og oppgåver, også ved langvarige helseplager. Dette er bakgrunnen for den nasjonale satsinga på HelseIArbeid der NAV og helsevesenet saman med pasient og arbeidsgjevar, jobbar fram gode løysingar for den enkelte. Fysikalsk Medisinsk Poliklinikk (FMR) i Helse Førde har eit formalisert samarbeid med NAV knytt til HelseIArbeid (HIA) der målet er å redusere og hindre at personar med langvarige plager fell ut av arbeidsliv, eller studiar.
Pasientar tatt i mot til HIA vil få tilbod om tverrfagleg utgreiing samsvarande med vanskebilde der NAV er medverkande frå starten. Umiddelbart etter utgreiing jobbar ein saman om tiltak der målet er å auke meistring og funksjon, både gjennom behandling og tilrettelegging, som gir rom for deltaking i arbeid.
Tilvisingar sendast elektronisk til Fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Førde på vanleg måte og vert handsama etter gjeldande lovverk og retningslinjer innan ti dagar. Vi ber om at ein merkar tilvisninga med «HIA»."
Pasienten sitt prøvesvar
"Pasientens prøvesvar" er ei nasjonal teneste for prøvesvar. Den inngår som ein del av nasjonal kjernejournal. Tenesten gjer det muleg å dele prøvesvar på tvers av helsetenestene slik at helsepersonell får enkel tilgang til prøvesvara når dei gir innbyggarar helsehjelp. Innbyggarane sjølv vil få tilgang til prøvesvara på helsenorge.no. Ordninga har vore gradis sett i drift sidan våren 2025 og filmen som er lenka under gir ei kort innføring i korleis dette fungerer. Etter kvart blir fleire typar prøvesvar kopla på denne løysinga og mange kontor er allereie kopla på. Førebels er det kun to kontor i Sogn og Fjordane som er kopla på "Pasientens prøvesvar"
Pasientens prøvesvar (PPS) - Norsk helsenett
Pasientens prøvesvar - film til helsepersonell on Vimeo
22.01.26
Ny leiar for samhandlingslegane i Helse Førde
Camilla Savland, fastlege og sjukeheimslege i Naustdal, starter i stillinga som samhandlingslege/leiar for samhandlingslegane i slutten av mai 26. Ho skal overlappe med noverande samhandlingslege Normund Svoen frå då og fram til han slutter 18.06.
Det var to svært godt kvalifiserte søkarar til stillinga som Camilla etter kvart blei innstilt som nr 1 til og som ho tok imot. Ho vil som leiar ha 30% stilling på same vilkår som denne stillinga tidlegare har hatt. Anita Sørheim fortset i si 20% stilling som samhandlingslege slik som før.
Samhandlingslegane er svært tilfreds med at stillinga viste seg å vere attraktiv og ynskjer Camilla velkomen til ein viktig og spennande jobb i samhandlinga mellom helseforetaket og fastlegane/allmennlegane i området.

Foto: privat
15.01.26
Lærings- og mestringskurs
Aktuelle LMS kurs framover vinter/vår i Helse Førde for pasient og pårørande finn ein her
Arrangement - Helse Førde HF