ADHD hos barn og unge
Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.
Tilvising og vurdering
Viss du eller nokon rundt deg lurer på om du har ADHD, kan du bestilla time hos fastlegen din. Fastlegen vil snakka med deg og foreldra dine og gjera nokre undersøkingar. Dersom fastlegen trur du har ADHD vil du bli vist vidare til ein Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vidare undersøkingar og eventuelt behandling.
Utgreiing
Behandling
Oppfølging
Sist faglig oppdatert 16.05.2023


