Augekatarr
Det er ulike former for augekatarr (konjunktivitt). Augekatarr kan ofte komme av allergi, virus eller bakteriar, og han kan vere akutt eller kronisk. Det er i seg sjølv ikkje ein farleg augesjukdom.
Bindehinna
Bindehinna er ei tynn, gjennomsiktig hinne som knyter saman augelokket til augeeplet. Dette gjer at partiklar ikkje kan komme bakover i augehòla.
Behandling hos fastlegen
Augekatarr blir diagnostisert og blir vanlegvis behandla hos fastlegen. Dersom dette ikkje gir noka betring, kan fastlegen vurdere å vise deg til augelege. Behandlinga du får er avhengig av symptoma og kva augekatarr du har.
Tilvising og vurdering
Dersom du har vore behandla hos fastlege og har forverring eller inga betring av augekatarren, kan fastlegen vurdere å vise deg til augelege. Fastlegane viser som oftast til avtalespesialist utanom sjukehus. Ventetida for å komme inn hos augelege kan variere noko, avhengig av opplysningane om ditt tilfelle som er gitt i tilvisinga.
Utgreiing
Augelegen vil stille deg ulike spørsmål for å kartleggje kva type augekatarr du har. Nokre av spørsmåla kan vere om det er andre i familien som har augekatarr eller om du er forkjøla eller tett i nasen. Legen vil også spørje deg om du er plaga med svie og kløe i auget/auga og om auget/auga er klistra igjen om morgonen.
Dersom du har fått medisinsk behandling av fastlegen din, er det viktig at du informerer augelegen om dette. Dette skal også komme fram i tilvisinga frå fastlegen. Augelegen kan også finne det nødvendig med fleire undersøkingar. For å finne ut kva bakteriar som er årsaka til augekatarren, kan det takast ulike dyrkingsprøvar.
Behandling
Augekatarr kan komme av bakteriar, virus eller allergi. Han kan vere akutt eller kronisk. Den vanlegaste behandlinga er augedropar eller augesalve. Ved allergi kan det også vere aktuelt å bli behandla med allergitablettar.
Dersom du har sterke symptom, kan det hjelpe å skylje auget kvar morgon. Dette kan vere med på å redusere plagene. Du kan skylje med augebadevatn utan konserveringsmiddel. Dette kjøper du på apoteket. Du kan også koke opp vatn med salt i og bruke dette når det er lunkent. Du må prøve å unngå plassar der det er røyk, vind og kulde. Det er også lurt å unngå maskara og augemiddel med konserveringsmiddel i. Alle desse faktorane kan vere med på å forverre plagene.
Oppfølging
Det er viktig å vaske hendene godt, og det er lurt å ha separate handkle. Smitten skjer gjennom kontaktsmitte eller ved at du rører på same gjenstanden, som til dømes dørhandtak. Augekatarr kan også smitte via dropesmitte.
Ver merksam
Personar kan reagere ulikt på medisinar. Dersom symptoma endrar seg, er det viktig at du raskt tek kontakt med legen din.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde