Diagnose

Lymfekreft

Lymfekreft (malignt lymfom) oppstår oftast i lymfeknutane og er ei kreftform i immunsystemet. Sjukdomen blir behandla med cellegift, immunterapi og strålebehandling.

Lymfekreft, eller lymfom, er en fellesbetegnelse for mer enn 30 ulike typer kreft hvor sykdommen sitter i kroppens lymfeceller.

Les meir på helsenorge.no

Ved lymfekreft er det ei av immunforsvarets celler som har utvikla seg til ei kreftcelle. Immunforsvarets celler sirkulerer normalt i blodet og lymfesystemet. Det vil seie at lymfekreftcellene i prinsippet kan finnast overalt i kroppen, men dei vanlegaste stadene er i lymfeknutar, beinmarg og milt.

Det vanlegaste symptomet på sjukdomen er hovne lymfeknutar. Dei er mest synlege på halsen, i armholene og lysken.

Lymfekreft er delt i to hovudtypar: Hodgkin lymfom (utgjer vel 10 %) og Non-Hodgkin lymfom (knapt 90 %). Det er litt fleire menn enn kvinner som får påvist lymfekreft, og sjukdomen kan råke i alle aldrar. Hodgkin lymfom er meir typisk hos unge vaksne og Non-Hodgkin lymfom hos vaksne og eldre.

Lymfekreft er eit samleomgrep for mange ulike sjukdomar. Det finst særleg mange ulike typar av Non-Hodgkin lymfom, som vi ofte deler i to hovudgrupper: Sakteveksande og hurtigveksande. Sakteveksande Non-Hodgkin lymfom er oftast sjukdomar der behandling ikkje kan gjere pasienten frisk. Men dei fleste med slike sjukdomar vil kunne leve godt i mange år og få behandling i periodar. Hurtigveksande Non-Hodgkin lymfom og Hodgkin lymfom er sjukdomar der behandlinga i dei fleste tilfelle vil ha som mål å gjere pasienten frisk. Særleg gjeld dette hos unge og vaksne.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)

Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utredning

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Ved mistanke om lymfekreft skal ein ta vevsprøve (biopsi) av forstørra lymfeknute eller svulst. Vevsprøva kan takast frå ulike stadar på kroppen, avhengig av der sjukdomen er. Det er  ofte nødvendig med røntgenundersøkingar.

Viss vevsprøven stadfestar diagnosen, fører dette til fleire undersøkingar ved spesialavdeling på sjukehus.

Aktuelle undersøkingar kan vere blodprøvar, beinmargsprøve og radiologiske undersøkingar som CT, MR og PET-CT. Målet er å kartlegge omfanget av sjukdomen. Den eksakte undergruppa og omfanget av lymfekreften og vil danne grunnlaget for behandlinga.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

Utgreiinga frå første frammøte på sjukehus til avgjerd om behandling kan variere, men er vanlegvis rundt to veker.

Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om lymfom(helsedirektoratet.no)

 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​



Behandling

Om du har kreft, planleggjast no kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finst fleire moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, utifrå kva som er viktig for deg.
 
 
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Følgjande hovudtypar av lymfombehandling vert nytta, åleine eller i kombinasjon: cellegift,  immunterapi, strålehandsaming, observasjon utan behandling.

Mange med sakteveksande Non-Hodgkin lymfom treng ikkje behandling ved diagnosetidspunktet.

 

 

Oppfølging

Etter avslutta behandling er det vanleg med oppfølgingskontrollar på sjukehuset i fleire år. Kontrollane er som oftast ved eit lokalt sjukehus. Rehabilitering og pasientkurs om lymfekreft kan vere aktuelle tilbod.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Dersom du opplever av symptom på sjukdomen kjem tilbake etter behandling, må du ta kontakt med fastlegen din. Ver merksam viss du får:

  • Auka infeksjonstendens
  • Vedvarande feber av ukjent årsak
  • Blødningstendens
  • Utilsikta vekttap
  • Nattesveitte
  • Forstørra lymfeknutar.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.