Diagnose

Multippel Sklerose (MS)

Multippel sklerose (MS) er ein betennelsessjukdom i hjernen og ryggmergen som kan oppstå i alle aldrar. Forløpet hos dei fleste er attakkprega dei første åra, det vil seie at du kan få periodar med forverring. Eit mindretal har ei gradvis forverring av sjukdommen frå byrjinga av.

Multippel sklerose er en nevrologisk sykdom hvor forløpet kan variere betydelig fra person til person. Det finnes en rekke legemidler som kan bremse sykdommen.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Både fastlegar og kliniske spesialistar kan vise til Nevrologisk avdeling for utgreiing og behandling av MS.

Pasientar med nevrologiske symptom som gir mistanke om MS skal tilvisast for utgreiing:

  • aktuelle nevrologiske symptom og eventuelle nevrologiske utfall
  • sjukehistorie
  • MR-bilete av hjerne og ryggmerg
  • medikament
  • andre relevante sjukdommar

Utgreiing

For å stille MS-diagnosen må du (som hovudregel) ha hatt både symptom som passar med eit MS-attakk (forverring) og typiske funn i MR-undersøkinga av hjernen. Vi må også utelukke andre årsaker til plagene. Utgreiinga inneber gjennomgang av sjukehistoria og ei grundig nevrologisk undersøking, MR av hjernen, og oftast av ryggmergen, blodprøver og spinalvæskeundersøkingar. Av og til blir fleire undersøkingar gjorde.

Norsk MS-register og biobank

Sjukehistoria får nevrologen greie på gjennom å intervjue deg. Temaet blir sjølvsagt dei aktuelle plagene dine og eventuelle tidlegare plager som kan med MS å gjere. Målet for legen blir å få ei klar framstilling av arten og utviklinga til symptoma over tid.

Legen vil i løpet av samtalen kunne spørje deg om:

  • du har kraft i, og er førleg, i armar og bein
  • du har balanseproblem
  • du har vanskar med styringa i armar og/eller bein
  • du skjelv
  • du har krampar
  • du har forstyrringar i synet
  • dei andre følesansane er intakte i ulike område av kroppen
  • korleis det er med vasslating/avføring og seksualfunksjon
  • du har problem med utmatting, minne og konsentrasjon
  • korleis det fungerer for deg på jobben og i dei daglege gjeremåla

Tenk gjennom desse spørsmåla før du møter legen. Det kan gjere det lettare for deg å svare på spørsmål, og du kan gi meir nøyaktige opplysningar. Det vil i sin tur bidra til at legen lettare finn fram til rett diagnose og behandling.

Enkeltbehandlingar/undersøkingar som inngår i utgreiinga

Det finst ikkje blodprøvar som stadfestar diagnosen. Vi tek blodprøvar for å utelukke andre årsaker til symptoma dine og for å samanlikne funn i blod og spinalvæska.

I nokre tilfelle blir undersøking gjord av synsbanane (synsstimuleringstest – visuelt framkalla responsar, VER).

Kor lang tid tek utgreiinga?

Tida det tek for å gjennomføre utgreiing vil vere avhengig av kor uttalte symptom og plager du har. Utgreiinga kan gjerast i løpet av nokre dagar, men det kan ta opp mot 10 dagar før ein har svar på spinalvæskeundersøkinga.

Behandling

Målet med behandlinga er å redusere talet på episodar med forverring (attakk). Ved å redusere talet på attakk, aukar sjansane for å halde oppe funksjonsnivået ditt over tid.

Førebyggjande behandling

Ved MS kan attakk og betennelse i hjerne/ryggmerg blir førebygd med medisinar som påverkar immunapparatet. Desse medisinane har ulik effekt og ulike biverknadar.

Dei nyare medisinane som blir brukte i dag gjer at vi kan bremse utviklinga og førebyggje varig funksjonssvikt, spesielt hos yngre pasientar og tidleg i sjukdomsforløpet. Med aukande alder, lang sjukdomsvarigheit og uttalt funksjonssvikt, minkar effekten betydeleg.

Attakkprega MS – behandling ved forverring

Ved attakkprega MS har ein episodar med tydeleg forverring, ofte med nye MS-symptom. Forverringa skjer oftast over dagar til få veker, etterfølgd av ei betring over veker og månader. Plutselege forverringar kan også sjåast ved uttalt varme, infeksjonar etc. Infeksjonar skal alltid utelukkast før det er aktuelt å vurdere behandling.

Den vanlegaste behandlinga av eit MS-attakk er å bruke eit betennelseshemmande medikament (methylprednisolon) i 3-5 dagar. Dette kan givast som tablettar (eventuelt intravenøst (i ei blodåre)) ved ei nevrologisk avdeling. Det er lege ved nevrologisk avdeling som må vurdere om behandlinga skal givast, og om det skal givast som tablettar eller som intravenøs behandling.

 

MS - Kva no?

«MS – hva no?» er eit nytt digitalt kurs for personar som nyleg har fått diagnosen, og for deira pårørande.

Gå til kurset: MS - Kva no?
Diagram, teknisk tegning

Vitamin D-tilrådingar

Studiar viser at låge nivå av vitamin D tidleg i livet kan vere ein av fleire risikofaktorar for å utvikle multippel sklerose (MS) og for sjukdomsaktiviteten målte ved MR. Vitamin D-kalkulatoren er eit verktøy som kan hjelpe klinikarar med å rettleie pasientar, og justere vitamin D-nivået heile året ved ei enkelt måling.

Les meir om Vitamin D
En gruppe gule piller

Nokre råd til deg som har MS

Det er mange ting du kan gjere for å halde deg så frisk som mogleg, og meistre utfordringar som multippel sklerose (MS) kan gi. Nasjonal kompetanseteneste for multippel sklerose gir deg råd på vegen. For å leve med sjukdommen på best mogleg måte, er det viktig å skaffe seg informasjon og kunnskap.

Les råda
En person som sitter på en benk

Stamcellebehandling ved MS

Dersom ein har vorte behandla med standard førebyggjande MS-behandling, og dette ikkje har hatt ein god effekt i å stoppe utviklinga av MS-attakk, vil behandlande nevrolog i samarbeid med pasienten vurdere anna førebyggjande behandling som er mindre grundig/omfattande dokumentert, men som har gitt god effekt i mindre studiar.

Dette vil inkludere om det er grunn for å tilby autolog hematopoietisk stamcelletransplantasjon (HSCT).

Stamcellebehandling ved MS (Nasjonal kompetanseteneste for multippel sklerose)

Barn og unge som pårørande

Nasjonal kompetanseteneste for multippel sklerose har laga to nettstader med mykje nyttig informasjon til barn og ungdom som er pårørande når foreldre har MS. Du finn også ei lenkje til sjølvhjelpsprogram for barn og foreldre saman (SPIRIT Barn) på barnesida, og eit sjølvhjelpsprogram for ungdom (SPIRIT Ungdom) på ungdomssida.

Les meir om sjølvhjelpsprogramma SPIRIT barn og SPIRIT ungdom
Et par jenter som klemmer

 

Oppfølging

Alle som har MS bør til jamleg kontroll hos nevrolog, og det er også ønskjeleg med regelmessige MR-kontrollar. Kontrollhyppigheita avheng av kor mykje symptom og MR-funn du har, kva medikament du bruker, alderen din, og sjukdomsvarigheit. Du bør kallast inn til kontroll minst 1 gong per år. I spesielle tilfelle kan det avtalast sjeldnare kontroll.

Dersom du får behandling med immundempande MS-medisinar kan det vere behov for hyppigare kontrollar, dette avheng av behandlinga du får. I tillegg til førebyggjande behandling er symptombehandling aktuelt for å lindre eventuelle plagsame symptom (til dømes spastisitet, blære- og tarmproblem). Ved kontrollar vurderer vi behov for tilvising til fysioterapeut, sosionom, hjelpemiddel/ergoterapeut, rehabilitering etc.

MS-sjukepleiar

MS-sjukepleiar har ein nøkkelfunksjon i oppfølginga av pasientane, mellom anna med rettleiing i bruk av medisinar, handteringa av biverknadar av disse og informasjon om korleis ein skal leve med dei ulike utfordringane sjukdommen gir.

Nasjonal oversikt over MS sjukepleiar (Nasjonal kompetanseteneste for multippel sklerose)

Informasjonstelefonen for MS

Telefontenesta er eit nasjonalt viktig tilbod til pasientar og pårørande

Informasjonstelefonen for MS (Nasjonal kompetanseteneste for multippel sklerose)

Kontakt

Førde sentralsjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus, 4. etasje.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.