Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Posttraumatisk stressliding, barn og ungdom
Posttraumatisk stressliding (PTSD) er ei forseinka eller langvarig stressliding på ei belastande hending eller situasjon av usedvanleg truande eller katastrofal art. Hendinga vil sannsynlegvis framkalle sterkt ubehag hos dei fleste.
Symptom
Personar med PTSD gjenopplever gjerne den traumatiske hendinga om og om igjen (for eksempel via påtrengande minne, draumar, mareritt) og/eller dei viser sterkt ubehag når dei blir påminnet hendinga. Vidare unngår dei det som minner om hendinga (t.d. tankar, kjensler, aktivitetar, situasjonar og ting).
Nokon har problem med å hugse alt eller delar av det hendinga, og/eller er dei meir sensitive og aktiverte enn dei var før hendinga (for eksempel søvnvanskar, irritabilitet/sinneutbrot, konsentrasjonsvanskar, vaktsamheit, meir lettskremt). Angst og depresjon er ofte knytt til symptom og teikn på PTSD, og det er ikkje uvanleg med sjølvmordstankar. Tilstanden kan vere langvarig, men det finst effektiv behandling.
Posttraumatiske stressymptom (PTSS)
Det er normalt at barn og unge får reaksjonar i etterkant av svært truande eller katastrofale hendingar, som sannsynlegvis ville framkalla eit sterkt ubehag hos dei fleste menneske. Ofte går desse reaksjonane over av seg sjølve, men når dei varer lenge etter at hendinga er over, blir dei kalla for posttraumatiske stressymptom (PTSS).
Barn og unge kan utsettast for éin eller fleire former for potensielt traumatiske hendingar som kan leie til posttraumatiske stressymptom, som kan vere enkeltståande eller gjentakande.
Eksempel på slike hendingar er:
krig og flukt
alvorlege ulykker og naturkatastrofar
mobbing
medisinske inngrep
brått dødsfall
hundebit
sjølv bli utsett for eller vere vitne til fysisk/psykisk/seksuell vald
trakassering online
andre situasjonar som blir svært opplevde skremmande eller livstruande
Eksempel på endringar etter potensielt traumatiske hendingar som kan vere posttraumatiske stressymptom:
Du gjenopplever hendinga når noko minner deg om det som har skjedd
Du har mareritt om det som har hendt
Du unngår å tenke på hendinga eller unngår stader som minner om denne
Du opplevd negative endringar i tankane eller kjenslene dine
Du er meir sint og irritabel
Du kjenner skuld eller skam over det som har hendt
Du kjenner deg redusert, nedkjempa eller verdilaus
Du har vanskar med å vere i kontakt med kjenslene dine, for eksempel kjenne på glede
Du søv dårleg eller kjenner deg uroleg
Du er meir på vakt, skvetten eller meir mistenksam
Du opplever vanskar i relasjon til andre på ein annleis måte
Du opplever episodar der du ikkje er heilt til stades eller ikkje får med deg det som skjer
Barn eller ungdommar som får slike stressreaksjonar kan i tillegg slite med angst og/eller depresjon.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, for eksempel til bildeundersøkingar (MR, CT eller røntgen).
Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.
Før behandlinga startar ønske vi å bli kjente med deg og dine føresette, og høyre om kva forventingar, ønske og behov de har til oppfølging i spesialisthelsetenesta.
For å få ei oversikt over symptoma dine og for å forstå kva tilstand du treng behandling for, vil vi både snakke med deg og dine føresette og be dykk fylle ut ulike skjema skriftleg, blant anna for å kartlegge om du har vore utsett eller vitne til éin eller fleire skremmande eller svært ubehagelege hendingar og kva reaksjonar og forandringar du har opplevd i etterkant av hendinga(e).
Etter at vi har fått god nok oversikt over korleis du har det og kva du strevar med, samarbeider vi med deg og dine føresette om korleis vi best kan hjelpe deg framover for at du skal få det betre.
Behandling
I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om kva de skal gjere undervegs i behandlinga og kva mål de har for behandlinga. For at du skal få best mogleg hjelp er det også viktig at du opplever å ha ein god relasjon til behandlaren din.
Det finst mange former for behandling du kan få dersom du har posttraumatiske stressymptom, og behandlinga kan hjelpe deg til å få det betre og også kunne heilt bli kvitt negative forandringar i etterkant av svært skremmande eller livstruande hendingar.
I starten av behandlinga vil du og behandlaren din, ofte i samarbeid med dine føresette, lage ein plan for behandlinga de har blitt einige om. Du vil også få informasjon om kva posttraumatiske stressymptom er, kvifor nokon får det og kva som kan vere til hjelp. Om du framleis er i fare eller opplever deg utrygg vil du også samarbeide med behandlaren din om ein plan for å få deg trygg.
Nokre eksempel på spesifikke behandlingsformer for PTSD som blir tilboden barn og ungdom er:
Undervegs i behandlinga vil ofte behandlaren kartlegge plagene dine igjen. Dette er for å finne ut om de skal fortsette den behandlinga de er i gang med eller om det vil vere betre for deg at det blir gjort nokre endringar.
Oppfølging
Det er viktig at både barnet/ungdommen og omsorgspersonane bruker det de har lært gjennom behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema på slutten av behandlinga.
Utover dette vil skolehelsetenesta, fastlege og andre instansar følge opp vidare ved behov.
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande: Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil.
I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 36 senger fordelt på 10 enkeltrom og 13 dobbeltrom.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Les nøye gjennom vilkåra.
Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Akuttmedisin: Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
Barneavdeling: Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
Kirurgisk: Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
Kreft: Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
Kvinneklinikken: Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
Medisinsk: Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
Nevrologisk: Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.
Transport
Buss
Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.