Dersom du har spørsmål om bruk av Helsenorge, kan du ta direkte kontakt med dei på telefon: 23 32 70 00 kvardagar melloom kl 08.00 og 15.30.
eDialog
I eDialog kan du sende brev og dokument til oss via ein sikker kanal. Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog.
Du kan ikkje endre, avbestille eller be om informasjon knytt til timar, operasjonar eller undersøkingar via eDialog, då må du bruke helsenorge.no.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m).
Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.
Slik fyller du ut skjemaet
Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).
Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".
Merk at sjukehusa våre ikkje har lov til å svare på medisinske spørsmål, eller sende pasientjournalar via vanleg e-post.
Kommunikasjonsavdelinga kan sette deg i kontakt med fagfolka eller leiinga ved sjukehusa våre. Vi kan også hjelpe deg å finne informasjon som er nødvendig for å opplyse ei sak.
Ta kontakt med oss på kommunikasjon@helse-forde.no.
Vi hjelper deg gjerne, men henvendingar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar.
Vi jobbar for at alt innhaldet på nettsidene våre skal vere tilgjengeleg for alle. Dersom du finn feil eller manglar knytt til universell utforming av nettsider eller innhald på helse-forde.no, vil vi gjerne at du sender oss ei tilbakemelding om dette.
Har du noko på hjartet sjukehusbesøket?
Lytteposten har telefonnummer 415 30 350, og er eit lågterskeltilbod der du kan gje Helse Førde tilbakemelding på møtet ditt med sjukehuset.
Når pasientar og pårørande har noko å fortelje, så ønskjer vi i Lytteposten å høyre di historie.