Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om planen

Utviklingsplanen skal gi eit felles og langsiktig grunnlag for prioriteringar og avgjerder på tvers av fag, nivå og geografi. Planen er forankra i Helse Førde sine verdiar og skal bidra til berekraftige helsetenester som tek omsyn til sosiale, økonomiske og miljømessige forhold, i tråd med FN sine berekraftsmål.

Utfordringar som formar tenestene

Dei største utfordringane er knytte til demografiske endringar, medisinsk og teknologisk utvikling og tilgang på helsepersonell. I tillegg vil økonomiske rammer, bygg, miljøkrav, berekraft, beredskap, samferdslestrukturar og infrastruktur i samfunnet påverke korleis helsetenestene må organiserast og utviklast. Samstundes aukar forventningane til kvalitet, tilgjengelegheit og samanheng i pasientforløpa. 

Fem innsatsområde for utvikling

Planen peikar ut fem innsatsområde som skal gi retning for utviklinga av Helse Førde. For kvart innsatsområde har vi formulert overordna mål, strategiske tiltak og korleis vi skal måle om vi er på rett veg.  

Kjerneoppgåver med felles mål

Spesialisthelsetenesta byggjer verksemda si rundt dei fire kjerneoppgåvene  pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell, og forsking. Oppgåvene er gjensidig avhengig av kvarandre. Forsking, utdanning og opplæring er sentrale føresetnader for kvalitet, pasienttryggleik og berekraftig utvikling av tenestene i møte med framtidige behov.  

Dette er Helse Førde

Helse Førde består av to lokalsjukehus, eitt sentralsjukehus, tre psykiatriske institusjonar, lokalisert på fem ulike stader i Sogn og Fjordane. Seksten ambulansestasjonar er plasserte i heile området og to ambulansebåtar ved kysten.   

Geografi som påverkar tenestene

Helse Førde dekkjer om lag 45 prosent av landarealet i Helse Vest, men har mindre enn 10 prosent av innbyggjarane (rundt 108 000 innbyggjarar). Vår geografi og desentraliserte struktur påverkar korleis vi skal leggje til rette for framtidige tenester.  

Retning for framtidige prioriteringar

Utviklingsplanen syner korleis Helse Førde prioriterer viktige utviklingsområde på kort og lang sikt. Utviklingsplanen byggjer på nasjonale mål og føringar, den regionale utviklingsplanen for Helse Vest, forventa utvikling i befolkninga og dei ressursane føretaket rår over. Gjennom eit forpliktande regionalt samarbeid skal tenestene utviklast på ein måte som samstundes tek omsyn til lokale behov, utfordringar og moglegheiter. 

Samarbeid for betre helsetenester

Eit godt samarbeid med relevante partnarar som kommunar, fylkeskommune, Statsforvaltar, universitet, høgskular og private aktørar er naudsynt, slik at vi saman utviklar tenestene på best mogleg måte. 

Sist oppdatert 19.11.2026