Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann og en kvinne som snakker

Seksjon dag

Vi består av vaksenpsykiatrisk poliklinikk, dagpost og ambulant team. Poliklinikken utgreier og behandlar dei fleste psykiske lidingar. Poliklinikken har ruskonsulent og spesialkonsulent for psykiske lidingar ved psykisk utviklingshemming. Ambulant team tilbyr behandling på Nordfjord psykiatrisenter eller der pasientane elles ønskjer, til dømes heime hos folk. Teamet tilbyr òg akutthjelp ved psykiske kriser.

I løpet av livet vil dei aller fleste av oss oppleve psykiske vanskar. Dersom desse vert så store at det vert vanskeleg å handtere kvardagen, kan det for nokon vere nyttig å få drøfta vanskane med ein terapeut. Det er lege som eventuelt sender ei tilvising til samtale ved poliklinikken. Både vaksenpsykiatrisk poliklinikk og ambulant team tilbyr poliklinisk behandling på dagtid. I tillegg kan ambulant team tilby behandling på ettermiddag/ kveld. Teamet har vakt heile døgnet. På kvardagar 08.00 og 21.30 (helg/høgtid 10.00-16.30) kan ein ta kontakt utan tilvising frå lege. Dersom det skjer noko utanom desse opningstidene er det legevakta som tilviser for vurderingssamtale.

Du vil få eit brev frå oss innan 10 dagar etter at vi har motteke tilvisinga. Dersom du har rett til helsehjelp, vil det i brevet stå tidspunkt for første time og namnet til behandlaren du skal møte. 
Første time er ei vurderingssamtale. Dersom det er behov, og vi har eit behandlingstilbod som kan vere aktuelt for deg og dei utfordringane du slit med, vil du få tilbod om vidare behandling. Behandlinga føregår på Nordfjord psykiatrisenter, men terapeuten kan møte deg andre stader.
Når du kjem til psykiatrisenteret til din første time, kan du vende deg til resepsjonen.

Våre behandlarar er lege, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, pedagog eller har anna høgskuleutdanning. Alle har vidareutdanning, og mange er kliniske spesialistar innan sitt fag. Vi har erfaringskonsulentar, musikkterapeut, helsesportspedagog og terapeutar med spesialkompetanse innan alderspsykiatri og psykisk utviklingshemming. Vi har fleire jobbspesialistar som saman med behandlaren din kan hjelpe deg med å komme i ordinært løna arbeid.

Dersom du står utan jobb, men ønskjer å kome ut i arbeid, kan du få tilbod om jobbstøtte. Du vil då møte ein jobbkonsulent som, saman med behandlaren din og deg, vil arbeide for å finne ein jobb som kan høve for deg.

Her kan du finne meir informasjon om individuell jobbstøtte.

 

Dersom du treng akutt hjelp har vi eit ambulant team. Den som treng hjelp, pårørande eller tilsette i hjelpeapparatet kan ta kontakt med teamet for rask vurdering. Telefonnummer til vakttelefon er: 41530370.  Der vil du og ein behandlar saman kartlegge behova dine og korleis vi best kan hjelpe deg vidare.
Opningstid: kl. 08.00 – kl. 21.30 kvardagar og kl. 10.00 – kl. 16.30 helg/høgtid. Tilbodet er alltid ope for legevakt. 

FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er eit oppsøkande behandlingstilbod for personar med varige utfordringar og samansette behov. Teamet gjev heilskapleg oppfølging der folk bur og lever, og samarbeider tett med den enkelte, pårørande og andre tenester ved behov. FACT-teamet består av fagpersonar frå både Stad kommune og Nordfjord psykiatrisenter, og desse har ulik utdanning og kompetanse. Behandling og oppfølging vert tilpassa til den enkelte sine behov. På sikt vil kanskje også andre Nordfjord-kommunar verte involvert i FACT. 

Når ein pasient treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for psykisk uhelse eller rusproblem, er det berre å tilvise til Nordfjord psykiatrisenter. Dersom vi ikkje sjølv har naudsynt kompetanse, vil vi ta ansvar for å vise pasienten vidare til rette instans.
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenesta

Ambulant team: telefon 415 30 370 kvardagar kl 08-21.30, helg/høgtid 10-16.30. 
Utanom desse tidene: ring legevakt 116117.

Behandlingar

Kva type behandling som kan høve for deg vil du og din behandlar verte einige om, basert på kva som kjem fram i kartlegginga. Vi forsøker å forstå utfordringane dine og korleis desse påverkar kvardagen og livssituasjonen din. Ofte kan det også vere føremålstenleg med ein kombinasjon av dei ulike behandlingsformene, som kan vere strukturert samtaleterapi, meistringsbaserte samtalar, eksponeringsretta behandling, medikamentell behandling, pårørandesamtalar eller behandling i grupper.

Portrett av Børre Taklo

Navn

Børre Taklo

Leiar seksjon dag

91 31 49 65

 

Kontakt

Telefon

Nordfjord psykiatrisenter

57 86 43 30

Sentralbord

Leiar seksjon dag

91 31 49 65

Børre Taklo

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Bilde av Nordfjord psykiatrisenter

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Norfjord psykiatrisenter er røykfritt.

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.