Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Søvnforstyrring

Søvnlidingar omfattar seks ulike diagnosegrupper: Søvnrelaterte respirasjonslidingar, hyperomnilidingar, insomniliding, søvnrelaterte rørslelidingar, paraomniar og døgnrytmelidingar. Felles for alle søvnlidingane er dårleg eller uroleg søvn med nedsett dagfunksjon som resultat. Diagnosane skil seg tydeleg frå kvarandre når det gjeld kva behandling som blir tilrådd.

Tilvising og vurdering

Dei aller fleste av diagnosane innanfor søvnfeltet blir handterte utanfor sjukehus.

Tilvising til sjukehus er spesielt aktuelt når det er nødvendig med utgreiing med objektive søvnregistreringar. Det betyr at fastlegane primært viser pasientar der det er mistanke om søvnrelaterte respirasjonslidingar (som til dømes obstruktiv søvnapné) eller sentrale hyperomnilidingar (som til dømes narkolepsi).

Dersom det ikkje er mistanke om slike lidingar, vil pasienten vanlegvis ikkje bli greidd ut eller behandla i spesialisthelsetenesta. Ventetida til utgreiing/behandling på sjukehus er dessverre lang mange stader i landet, men vil avhenge av kva fastlegen skriv i tilvisinga. Det vil seie at dei mest alvorlege søvnlidingane vil prioriterast.

Ifølgje Nasjonal prioriteringsrettleiar skal pasientar med søvnrelaterte respirasjonslidingar takast imot på sjukehuset innan 6 månader etter motteken tilvising, og innan 12 veker ved spesifikke tilleggskriterium.

Tilvising for mogleg søvnrelatert respirasjonsliding:

  • Rapporterer pasienten om høglydt snorking og/eller uttalt trøyttleik om dagen?
  • Rapporterer sengepartnaren om fleire pustestoppar under søvn? (då er sjansane for obstruktiv søvnapné store)
  • Vaknar pasienten av kvelingssanseinntrykk eller gispar etter luft?
  • Vekt/høgd/BMI bør takast med i tilvisinga
  • Mange søvnapnepasientar har tilleggslidingar som hypertensjon, depresjon, kognitiv dysfunksjon, koronarlidelse, hjerneslag, hjartesvikt, atrieflimmer eller diabetes mellitus. Ta dette med i tilvisinga.
  • Skåre på Epworth søvnigheitsskala bør vere med (har noko å seie for prioritering)
  • Blir pasienten påverka i privatliv, jobb etc? Sjukmeldingsbehov?
  • Kan pasienten vere ein risiko i trafikken? Det har komme nye helsekrav til førarkort. Dersom pasienten blir påtrengjande søvnig eller har ukontrollerbar søvn i samband med køyring, er helsekravet ikkje oppfylt. Dette bør kommenterast i tilvisinga.
  • Bruker pasienten medisinar?

Tilvising for mogleg sentral hyperomniliding:

  • Rapporterer pasienten om daglege periodar med uimotståeleg søvnigheit og søvnanfall?
  • Rapporterer pasienten om uvanleg stort søvnbehov?
  • Kor lenge søv pasienten?
  • Rapporterer pasienten om episodar med plutseleg tap av muskelkraft, gjerne utløyst av emosjonar? (teikn på katapleksi – vanleg ved narkolepsi type 1)
  • Skåre på Epworth søvnigheitsskala bør vere med
  • Blir pasienten påverka privatliv, jobb etc? Sjukmeldingsbehov?
  • Kan pasienten vere ein risiko i trafikken? Det har komme nye helsekrav til førarkort. Dersom pasienten blir påtrengjande søvnig eller har ukontrollerbar søvn i samband med køyring er helsekravet ikkje oppfylt. Dette bør kommenterast i tilvisinga.
  • Andre tilleggsplager/lidingar? Overvekt? Depresjon?
  • Bruker pasienten medisinar?

Tilvising for søvnrelaterte rørslelidingar (til dømes «Restless Legs Syndrom») er vanlegvis ikkje nødvendig. Dersom behandling med dopamin-agonister ikkje hjelper, vil enkelte sjukehus vurdere å ta imot pasienten til søvnregistrering.

Tilvising for alvorleg parasomni kan vere aktuelt, spesielt dersom det er mistanke om skadeleg åtferd under søvn (vald eller sex i søvne). Dette må då tydeleg komme fram av tilvisinga.

Tilvising for insomni og døgnrytmelidingar vil vanlegvis bli avvist. Grunnen er at diagnosane ikkje krev objektive søvnregistreringar. Utgreiing på sjukehus kan vere aktuell dersom det er noko som er uklart rundt diagnosen, behandling ikkje har ført fram, eller lidingstrykket er uvanleg stort. Det er då viktig at slike opplysningar kjem fram i tilvisinga.  

Utgreiing

Utgreiinga avheng av kva søvnliding det er mistanke om.

Nokre sjukehus ber pasienten svare på spørsmål om søvn og andre helserelaterte faktorar før han/ho kjem til konsultasjon. Du vil bli grundig vurdert og undersøkt av lege og/eller anna helsepersonell når du kjem til timen. Tilleggsundersøkingar som blodtrykksmåling og blodprøver er vanleg.

Dei fleste pasientane som kjem til sjukehus for søvnproblem blir greidde ut med avansert søvnregistreringsutstyr, som dei søv éin eller fleire netter med. Utstyret er festa til hovudet og kroppen og desse undersøkingane er heilt smertefrie.

Behandling

Behandlinga er avhengig av kva diagnose pasienten får. Det er stor variasjon i kva som blir tilrådd som førsteval i behandlinga. Mange av søvnlidingane varer livet ut, og pasientane er avhengige av kontinuerleg behandling.

Søvnlidingar

Du finn meir informasjon om dei ulike søvnlidingane på sovno.no.

sovno.no
Et nærbilde av et kart

Oppfølging

Behovet til pasienten for oppfølging vil vere avhengig av kva diagnose som er gitt og kor alvorleg plagene er. Mange pasientar kan overførast til fastlegen og vidare oppfølging der. Andre blir følgt opp på sjukehuset.

Pasientar med søvnrelaterte respirasjonslidingar blir ofte behandla med CPAP, utstyr som krev regelmessig vedlikehald og av og til utskifting. Her vil sjukehuset med seksjon for behandlingshjelpemiddel vere aktuelle oppfølgingsinstansar.

Kontakt

Førde sentralsjukehus ØNH/kjeve avdeling

Kontakt ØNH/kjeve avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.