Diagnose

Spiseforstyrrelser hos barn og ungdom

Spiseforstyrring er ei fellesnemning for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster der ein er overoppteken av mat, kropp og vekt, med ulik grad av alvor og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi og bulimi.

Innleiing

Nasjonale pasientforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan unødvendig ventetid. Vi legg til rette for at du skal få vere med å bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs. 

Sjølv om spiseforstyrring oftast startar i ungdomsåra, kan også barn få spiseforstyrring. Spiseforstyrring er ekstra farlege hos barn og ungdom, då dei raskt kan bli verre og normal vekst og utvikling kan stoppe opp.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det viktig å vere merksam på om barnet følgjer si tidligare utviklingskurve for høgde og vekt og viser normal pubertetsutvikling. Spiseforstyrring kan likevel vere vanskeleg å oppdage, fordi kroppsvekt og næringsbehov til barn og unge varierer under vekstperiodar.

Mange med spiseforstyrring har ei forstyrra kroppsoppleving. Det er vanleg å føle seg større enn det andre oppfattar ein som, og å ha eit sterkt ønske om å gå ned i vekt. 

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta sitt tilbud til barn og ungdom, treng du tilvising. Lege, psykolog og barnevernsleiar kan tilvise barn og ungdom til psykisk helsevern for barn og unge (BUP).

Etter mottatt tilvising vil BUP avgjere om du får behandling her.

Du vil få tilbod om hjelp etter 4-12 veker, avhengig av kor alvorleg tilstanden er. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp blir du tilvist du direkte til akutte tilbod innan psykisk helsevern eller somatikk. 

Sjå nettsider frå helsedirektoratet for fleire detaljar

Poliklinisk behandling vil vanlegvis bety at ungdomen/foreldre/føresette møter opp til behandling ved BUP. Når innlegging er nødvendig, blir tilvisinga sendt til aktuell døgnavdeling.
 
Dersom det er behov for akutt hjelp på grunn av dårleg allmenntilstand, må lege tilvise for innlegging ved næraste somatiske barneavdeling som har ansvar for dette. 

Utredning

Dei fleste som kjem til BUP med ei spiseforstyrring får tilbod om poliklinisk behandling. Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil ungdomen/foreldre/føresette bli kontakta på telefon eller pr brev. Der får de informasjon om kva som skal skje vidare.

Ei grundig somatisk og psykisk vurdering er nødvendig for god behandling på rett omsorgsnivå. På bakgrunn av tilvising og den første samtalen vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein utgreiingsplan.

Utgreiinga vil som oftast vere:

  • Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria (anamnese inkludert familieanamnese)
  • Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju/instrument
  • Relevante skjema som ungdomen og eventuelt foreldre/føresette/andre skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema) 
  • Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, ev. andre supplerande undersøkingar ved behov) 

Ei spiseforstyrring blir behandla best når behandlinga startar så raskt som mogleg. For dei fleste vil diagnosen vere relativ klar, og det vil ikkje vere nødvendig å gå igjennom ei lengre periode med utgreiing før behandlinga startar.

Behandling

Samval

For deg som har ei eteforstyrring finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 

På bakgrunn av konklusjonen etter utgreiinga vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein behandlingsplan.

For dei aller fleste vil det vere nok med behandling i ein BUP poliklinikk. Dersom spiseforstyrringssymptoma ikkje blir redusert, kan det bli nødvendig å forsterke eller erstatte det polikliniske tilbodet med til dømes ambulante tenester eller dagtilbod der dette er tilgjengeleg. Av og til kan det bli nødvendig med innlegging på sjukehus.

Poliklinisk behandling med ambulante tenester

Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Her møter behandlarane ungdomen og foreldre/føresette i deira heimemiljø. Behandlarane kan vere tett på, med dagleg oppfølging i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.

Eit dagtilbod vil som oftast innebere at ungdomen og/eller familie er til stades ved ei avdeling nokre timar dagleg og ete eit eller fleire måltid der. Eit slikt tilbod kan også gjelde samtalar med behandlarar, aktivitetar og/eller gruppetilbod. Nokre stadar kan familien bu i ei eiga leilegheit og ta imot dagtilbod.

Ved alvorleg spiseforstyrring over tid utan betring eller ved forverring, kan innlegging på døgneining for psykisk helsevern vere nødvendig. Desse innleggingane blir som oftast planlagt saman med behandlar.

Av og til, når allmenntilstanden er dårleg, er det nødvendig med innlegging på somatisk avdeling som akutt hjelp.
Barn og ungdom under 18 år har rett til å ha med minst ein av foreldra/føresette under innlegging. Nokre avdelingar legg også inn heile familien i periodar.

Alle sjukehus har eit skuletilbod knytt til avdelinga.

Behandlinga vil som oftast bestå av:

  • Ernæring 
    Regelmessige måltid og tilstrekkeleg ernæring er nødvendig for tilfrisking. Mengden mat blir tilpassa ungdomen sin tilstand.
  • Psykoterapeutisk behandling 
    Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske/psykiatriske metodar. For alvorlege spiseforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert terapi (FBT) den behandlinga med best verknad. Men behandlinga kan også omfatte individuelle samtalar, eksponeringsterapi, kunst- og uttrykksterapi og gruppebehandling.
  • Tilpassing av fysisk aktivitet 
    Fysisk aktivitet må tilpassast ungdomen sine psykiske vanskar, matinntak, somatisk status og endrast i tråd med tilfriskingsprosessen.

Aktuelle terapimetodar for barn og ungdom:

  • Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT)
    Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT) er ei behandlingsform utvikla spesielt for barn og ungdom, og deira sin familie, som strever med mat og spising. 

    Dette er den mest verksame behandlinga, og derfor anbefaler dei nasjonale retningslinjene familiebasert behandling spesifikt til barn og ungdom med spiseforstyrring. 

    At heile familien er med aukar sjansen for tilfrisking, forhindrar tilbakefall, og reduserer behovet for meir intensiv behandling, inkludert døgnbehandling. Dette gjeld alle spiseforstyrringsdiagnosar, både ved anoreksi, bulimi og overspising. 

    Ved familiebasert behandling snakkar behandlaren litt med ungdomen åleine, men mest med heile familien samtidig. Av og til er det også viktig og nødvendig å snakke med foreldra utan at ungdomen til stades.

  • Fleirfamiliegruppeterapi 
    Fleirfamiliegruppeterapi blir gitt i tillegg til ein annan hovudbehandling, som for ungdom vanlegvis vil vere familiebasert behandling. Ved fleirfamiliegruppeterapi møtast fleire familiar over ein eller fleire dagar i ei viss tidsperiode, vanlegvis omtrent eit halvår. 

  • Individuell psykoterapi for spiseforstyrring 
    Dersom FBT ikkje fører fram eller er uaktuelt, bør det bli gitt tilbod om individuell psykoterapi retta mot spiseforstyrringar. Det er utvikla fleire slike behandlingsformer, men ingen spesifikk psykoterapi kan på vitenskapeleg grunnlag klart bli anbefalt framfor andre psykoterapiar. 

    Behandlinga bør uansett vere retta mot å hjelpe barnet/ungdomen til eit trygt matinntak og spisemønster. Dette inneber å ha fokus på vektnormalisering når det er nødvendig. Dessutan må behandlinga også ha fokus på alle dei andre sidene ved spiseforstyrring, som overspising, oppkast eller overdreven trening. Psykoterapien bør ha ei viss varigheit og intensitet.

    Til eldre ungdomar (over 16 år) kan kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrring brukast som behandling ved bulimi som eit alternativ til FBT. 

  • Medikamentell behandling 
    Det finst ingen medikament som kurerer ei spiseforstyrring åleine, men nokre medikament kan av og til vere til hjelp. Dersom ungdomen samtidig strever med til dømes tvangsliding, depresjon, angst og søvnvanskar, kan medisinar vere ein nødvendig del av behandlinga.

Behandlinga vil som oftast bestå av:

Ernæring

Regelmessige måltid og tilstrekkeleg ernæring er naudsynt for tilfrisking. Mengda mat vil bli tilpassa ungdomens tilstand.

Psykoterapeutisk behandling

Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske/psykiatriske metodar. For alvorlege eteforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert terapi (FBT) den mest verksame behandlinga. Men behandling kan også omfatte individuelle samtalar, eksponeringsterapi, kunst- og uttrykksterapi, og gruppebehandling.

Tilpassing av fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet må tilpassast ungdomens psykiske vanskar, matinntak, somatisk status og endrast i forhold til tilfriskingsprosessen.

Aktuelle terapimetodar for barn og unge:

Familiebasert behandling for eteforstyrringar (FBT)

Familiebasert behandling for eteforstyrringar (FBT) er ei behandlingsform utvikla spesielt for barn og ungdom og deira familiar som strevar med mat og eting.

Dette er den mest verksame behandlinga, og derfor tilrår dei nasjonale retningslinjene familiebasert behandling spesifikt for eteforstyrringar til barn og unge med eteforstyrringar.

At heile familien er med aukar sannsynet for tilfrisking, hindrar tilbakefall, og reduserer behovet for meir intensiv behandling, inkludert døgnbehandling. Dette gjeld alle eteforstyrringsdiagnosar, både ved anoreksi, bulimi og overspising.

Ved familiebasert behandling snakkar behandlaren litt med ungdommen åleine, men mest med heile familien samtidig. Av og til er det også viktig og nødvendig å snakke med foreldra utan ungdommen til stades.

Flerfamiliegruppeterapi

Flerfamiliegruppeterapi blir gitt i tillegg til ei anna hovudbehandling, som hos unge som regel vil vere familiebasert behandling.

Ved flerfamiliegruppeterapi møtest fleire familiar over ein eller fleire dagar i ein viss tidsperiode, vanlegvis omtrent eit halvår.

Individuell psykoterapi for eteforstyrringar

Dersom FBT ikkje fører fram eller er uaktuelt, bør det tilbydast individuell psykoterapi retta mot eteforstyrringar. Det er utvikla fleire slike behandlingsformer, men hittil har forsking ikkje gitt grunnlag for å tilrå nokon psykoterapiformer framfor andre.

Behandlinga bør uansett vere retta mot å hjelpe barnet/ungdommen til eit trygt matinntak og etemønster. Dette inneber å ha fokus på vektnormalisering når det er nødvendig. Dessutan må behandlinga også ha fokus på alle dei andre sidene ved ei eteforstyrring, som overspising, oppkast eller overdreven trening. Psykoterapien bør ha ei viss varigheit og intensitet.

Til eldre ungdommar (over 16 år) kan kognitiv åtferdsterapi for eteforstyrringar brukast som behandling ved bulimi som eit alternativ til FBT.

Medikamentell behandling

Det finst ingen medikament som åleine kurerer ei eteforstyrring, men nokre medikament kan av og til vere til hjelp. Dersom ungdommen samtidig strevar med til dømes tvangsliding, depresjon, angst og søvnvanskar, kan medisinar vere ein nødvendig del av behandlinga.

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Koordinator 

Både kommunen og spesialisthelsetenesta har ansvar for å oppnemne ein forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren skal sørge for at ulike delar av behandlinga heng saman, og at ungdomen og familien får den hjelpa som det er bruk for utan at det blir unødig ventetid mellom ulike tiltak. 

Individuell plan 

Barn og ungdom med spiseforstyrring kan ha behov for langvarig oppfølging frå ulike instansar. I slike tilfelle blir det utarbeidd ein individuell plan og oppretta ansvarsgruppe. Kommunehelsetenesta har ansvar for å utarbeide og koordinere individuell plan, men vi skal bidra i arbeidet dersom pasienten også mottek tenester herifrå.

Vi skal så snart som mogleg varsle kommunen når vi ser at det er behov for ein individuell plan som gjeld tenester både frå oss og kommunen. 

Det er viktig å få til trygge og glidande overgangar i ei overføring mellom ulike tenester og behandlingsnivå. Dette gjeld også ved bytte av behandlar på same behandlingsnivå.

Behandling etter fylte 18 år 

Dersom ungdomen treng vidare poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta utover fylte 18 år blir behandlinga overført til psykisk helsevern for vaksne. Under visse føresetnader kan behandlinga fortsette ved BUP fram til fylte 23 år.

Kontakt

  • Kontakt Førde BUP

    Oppmøtestad

    Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.


    Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

    Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

    En stor bygning med en stor plen foran seg

    Førde sentralsjukehus

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde

  • Kontakt Nordfjord BUP

    Oppmøtestad

    Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

    Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

    Transport

    Buss

    Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

  • Kontakt Sogndal BUP
    Form, rektangel

    Indre Sogn psykiatrisenter

    Dalavegen 29

    6856 Sogndal

  • Kontakt Ungdomspost Psykisk helsevern

    Oppmøtestad

    Støabygget, Svanehaugvegen 7, 6812 Førde. Ved Førde sentralsjukehus i trekanta lågbygg.