Første del av pakkeforløp heim er tilbod om ein samtale med behovskartlegging. Det er valfritt å delta, og om du takkar nei kan du likevel få time seinare. For å førebu deg til timen tilrår vi at du fyller ut eit skjema du får tilsendt. Skjemaet handlar om:
- familiesituasjon og nettverk
- jobb, skule og utdanning
- økonomi og butilhøve
- hjelp og tilrettelegging i heimen
- rehabilitering
- fysisk aktivitet og fysisk funksjon
- fritid og sosiale aktivitetar
- ernæring, mat og måltid
- munn- og tannhelse
- psykisk helse
- seksuell helse
- varetaking av eiga helse
- eigne ressursar, læring og meistring
- kontaktpunkt i kommunen
Du vel sjølv kva informasjon du ønskjer å gi.